God høgtid!
- torunn92
- for 3 døgn siden
- 2 min lesing
2025 har vore eit spennande og godt år for Studieforbundet. Vi opplever oss i flytsone; kurstalet veks, medlemstalet veks, fagområda våre blir stadig fleire, og vi arbeider stadig meir og betre med inkludering og betre kurs for alle.

Bunadbruk i Norge, tradisjonshåndevrk og sosial praksis vart innskriven på Unescos liste over menneskehetens immaterielle kulturarv heilt på tampen av 2024. Dette arbeidet, og forpliktinga som fylgde med, har vore gjevande og spennande å ta vidare saman med dei fire andre samarbeidsorganisasjonane.
I september arrangerte vi Nordisk Folkbildarforum i Noreg og i Vågå.
Förbundet Nordisk Vuxenopplysning er Studieforbundet sin nordiske medlemsparaply med medlemsorganisasjonar frå alle nordiske land. Forutan gode og lærerik innlegg, mykje fagleg læring, nettverksbygging og nyttig erfaringsdeling, fekk vi gjennom dette arrangementet mellom anna vist fram mykje lokal kultur, musikk, Galleri Ullinsvin, det frivillige kulturliv, Vågåkyrkja, Gammel-Kleppe Kulturarvhotell, og skulen vår Hjerleid skole- og håndverkssenter. I år var temaet Bærekraftig samfunnsutvikling og demokratibygging.
Vi gler oss stort til 2026 og for å gå laus på nye oppgåver og vidareføre pågebynt arbeid.
Vi vil få ønskje alle ei god høgtid! Håpar de alle får gode dagar, akkurat slik som er jul og pause frå kvardagen for deg og dine.
Tusen takk til alle som brukar av tida si til å arrangere kurs, gå på kurs og undervise på kurs. De er med og legg til rette for og smører det store, frivillige maskineriet som held samfunnet vårt saman og skapar gode og betre liv for så mange.
Kontoret er stengt frå kl. 11.30 19. desember og opnar opp att kl. 09.00 måndag 5. januar 2026.
Vi snakkast, og ratt seest og, fleire av oss, i 2026!




Kommentarer