top of page

Nyheiter

Gladprat! Prisjustert tilskot i revidert nasjonalbudsjett

Regjeringa la i går fram revidert nasjonalbudsjett der tilskotet til studieforbunda blir prisjustert.


Foto: Norges Bank, CC BY-ND 2.0

  • Tilskotet til studieforbunda godkjent av Kulturdepartementet, der vårt studieforbund er, blir forhøya med 3 656 000,- til 174 821 000,-

  • Tilskotet til studieforbunda i Kunnskapsdepartementet blir forhøya med 1 553 000,- til 74 272 000,-

Fredag 5. mai vart fordelinga av spelemidlar til kulturformål lagt fram. Studieforbunda i Kulturdepartementet får der 9 850 000,-


–Dette er ei viktig sak og ei skikkeleg gladsak. Kostnadane stig, og det er både rett og viktig at at regjeringa nå prisjusterer, seier dagleg leiar i Studieforbundet kultur og tradisjon, Kjærsti Gangsø.


Kjærsti Gangsø, dagleg leiar i Studieforbundet kultur og tradisjon. Foto: SKT

91 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


bottom of page