top of page

Nyheiter

Frilynt Norge – Månadens frivillig i oktober

«Det er mye mestring i å stå på scenen,

derfor brenner vi for å gjøre scenen tilgjengelig for alle.»


Frilynt Norge er Norges største amatørteaterorganisasjon for både barn, ungdom og vaksne og har rundt 18 500 medlemmar i 200 teatergrupper, revylag, ungdomslag og kulturforeiningar over heile landet.



Frilynt er gode på kurs!

Kvart år arrangerer Frilynt ei rekkje kurs. Kanskje har de høyrt om Splæshcamp, Vintercamp, MinusManus, Stage!, Scenerom, Teaterweekend, eller de veit nokon som har vore på skulerevykurs eller på webinar?


SplæshCamp er Nordens største sommarleir for ungdom som elskar teater, film og kultur. SplæshCamp har i snart 20 år kursa i teater, revy, film, musikal, teatersport, musikk, hip hop, scenekamp og mykje meir! I tillegg til SplæshCamp på sommaren har Frilynt også Vintercamp med musicalkurs og improteater.


MinusManus og Stage! Er to andre kurstilbod. MinusManus – improteaterkurs for ungdom er eit lågterskeltilbod for å lære om improvisasjon og teatersport. Kurset endar i uttak til Junior-NM i Teatersport. Vinnarane går vidare til den store sentralmønstringa, junior-NM, på SplæshCamp. Laget som vann her, var alle vaksne nok til å delta på senior-NM, arrangert på Teaterdagane på Lillehammer, av enda ein fenomenal teaterorganisasjon; Norsk Amatørteaterforbund. Og jammen vann dei der og!


Vinnarlaget Impromp, frå både både junior-NM på SplæshCamp, MinusManus, og NM for vaksne under Teaterdagene på Lillehammer.


STAGE! er ein møteplass for alle fagansvarlege og grupper innafor sceneproduksjon. Fokuset er på drivkreftene, eldsjelene og produksjonsapparatet lokalt og har som bodskap å inspirere, samt gje påfyll, heve kompetanse, utveksle erfaringar og drive nettverksbygging.


Skulerevyane

Frilynt held skulerevykurs ei helg i året, med kurs og opplæring for revysjefar og ressurspersonar i skulerevyane. Her kan skulerevyar bli kjent på tvers av skulane, og profesjonelle instruktørar gjev innføring i skolerevyarbeid, tekstkurs, sminkekurs og bistand til å søke midlar osv. Dette har vist seg å være svært viktig for kvalitet, organisering, økonomistyring og utvikling i revyane rundt omkring i landet.


Scenerom

Scenerom er en kursrekke i regi og teaterproduksjon. Kursrekka består av 4 moduler som gir en brei innføring og analytisk kunnskap om regi og teaterproduksjon. Kursrekka skal vere kompetanseheving med høgt fagleg nivå og ei analytisk tilnærming for instruktørar innan amatørteaterfeltet.


Frilynt famnar vidt og breitt

Teatergruppene og revyane i Frilynt held over 30 000 kurstimer i ulike teater- og kulturfag registrert hjå oss i Studieforbundet kultur og tradisjon kvart år.

Teatergruppene står for meir enn 350 produksjonar og 1700 framsyningar lokalt – og aktiviserer over 28 000 aktive amatørteaterfolk frå nord til sør. Over 200 000 publikummarar besøker teater- og revyproduksjonane i medlemsgruppene kvart år.


Hovudkontor i Sandefjord

Frilynt driftar eit nasjonalt ressurssenter for lokalt amatørteater- og kulturliv i Sandefjord. Her får du tilgang til kostymar, kulissar, rekvisittar, manus, teatersminke og spesialeffektar, manus og kompetanse. Dei har åtte tilsette knytt til den nasjonale verksemda og eit aktivt styre. Alle desse jobbar med medlemmane, utvikling av relevante medlemstilbod og interessepolitisk arbeid. Tett kontakt og oppfølging av medlemmene er viktig for Frilynt, slik er dei ute på ei rekke lagsbesøk kvart år.


Frilynt si rettesnor

Frilynt har i formålet sitt at dei vil vera «eit innovativt, fagleg, interessepolitisk, serviceretta og nettverksbyggande kraftsentrum og ressurssenter til beste for frivillig amatørteater, scenekunst og kulturliv lokalt i heile landet; både for barn, ungdom og vaksne. Relasjonsbygging, meistring og læring med fokus på heile mennesket i møtet med kulturuttrykk er sentralt.» Dette er ikkje småtteri, og vi tek dei på ordet. Amatørteater er moro, det skapar opplevingar å lagre på for all tid og venner for livet.



Bilda som er brukt har vi freidig knabba frå Frilynt si nettside. Vi håpar og trur vi blir tilgjevne.

Er du nysgjerrig på Frilynt, les meir på frilynt sine nettsider.



89 visninger

Siste innlegg

Se alle
bottom of page