top of page
SKT Logo_farge_edited.png

Nyheiter

Fagdagane i bunad og folkedrakt

Oppdatert: 20. mars 2024

Det er ei glede å kunne ønskje velkommen til to dagar med inspirasjon, interessante foredrag, aktivitetar og festmiddag 28.-29. oktober 2024. Det faglege står i høgsetet på Fagdagane, men det gjer også det sosiale samværet. Fagdagane er eit samarbeid mellom Norges Husflidslag, Noregs Ungdomslag, Norsk Folkedraktforum, Norsk institutt for bunad og folkedrakt og Studieforbundet kultur og tradisjon. Fagdagane er for alle som arbeider med, eller er interesserte i folkedrakt og bunad.



Fagdagane i bunad og folkedrakt 2024

  • Tid: 28.-29. oktober

  • Stad: Hotel Scandic Vettre, Asker

  • Påmelding: Kjem over sommaren

  • Tema: Frå den store verda til norske bygder: Moteimpulsar


Korleis har impulsane utanfrå sett spor i norsk draktskikk? Korleis var kontakten med omverda? Kvar kom impulsane frå, og korleis vart dei mottekne på dei norske bygdene?

Velkommen til spanande foredrag, praktiske kurs, plagganalyse og mykje meir.


Fullstendig program og påmelding blir oppdatert.




 
 
 

Comentários


bottom of page