top of page

Nyheiter

Fagdag i Eidsberg fengsel

Oppdatert: 8. des. 2023

Korleis kan vi saman legge til rette for at tida med soning rustar best mogleg til framtidig liv utanfor piggtråden?



Studieforbundet arrangerte nyleg fagdag i fengsel ved Eidsberg Fengsel for drodling omkring akkurat dette temaet. Mykje solid kunnskap og erfaring var samla, med stort engasjement og raus kunnskapsdeling - ein svært viktig dag for nettverksbygging og danning av eit "vi".


Eit betre menneske på utsida

Innsette har behov for å kjenne på normalitet, kjenne seg "normale". Dette fordrar små steg av gongen, jobbe for små endringar, eit smil, ein klem, ein betre kvardag. Vere sårbare saman, vere normale saman. Få tru på livet att. På utsida skal den innsette bli nokon sin nabo, nokon sin kollega og nokon sin ven i koret eller i trimgruppa. Dei som jobbar med innsette må bli ein brubyggjar for innsida, og frå innsida til utsida.


Bilde: I fengselet er gode verkstadar der innsette får jobbe med både tre, tekstil, mat m.m. På Eidsberg har dei innsette mellom anna laga flotte fuglehus.


Yoga for forvandling

Turid Jørgensen Honerud frå Back in the ring fortel at dei held yogakurs kvar veke i 13-14 fengsel, med stor suksess. Yoga røyrer under overflata – i sinna våre, og gjer deg kjent med tanke- og handlemønstra dine. Back in the ring driv innanfor Ashtanga yoga og erfarer at mange tidlegare innsette skolerer seg i yoga og blir instruktørar når dei kjem ut. Yoga er svært populært, og ein del prioriterer til og med permisjonsdagane sine på yogaopphald med Back in the ring. Dei opplever ei forvandling i dei innsette, frå dei som kjem kanskje unge og redde, til å bli tryggare og med eit lite håp om ei betre framtid.

Bilde: Turid Jørgensen Honerud frå Back in the ring og arrangør Kristin Teigen Stasviken frå Studieforbundet kultur og tradisjon.


"Faen, gløymde at eg var i fengsel"

Trond Halbo frå Frikvarteret snakka om skriverkstadar, kreative verkstader, og nemte sitatet over som eitt av dei beste komplimenta du kan få frå ein innsett. "Vi må finne ut kva deltakarane har å by på, så byggje vidare på dette. Dei må jobbe med seg sjølve, innanfrå og ut, og er det noko alle innsette har til felles, er det evna til å tenkje utanfor boksen", sa Halbo. Prosessen og resultatet skal vera med og av dei innsette – det gjev eigarskap til heile prosessen. Målet må vera ein normalisert kvardag, å kreere noko saman på ei positiv plattform. Halbo las frå tekstene til "Kælle 2000 & hæh?", tekster Frikvarteret har jobba saman med innsette med, til ettertanke skrive av "Kælle" som har gått i surr i årstala etter alle åra han har sitte inne.


Trond Halbo frå Frikvarteret og Øivind Adreassen frå Ringerike fengsel på omvising i treabeidssalen ved Eidsberg fengsel.


I kø for bønnemøter

Størst oppmøte og noko "alle" skal ha med seg i Eidsberg fengsel er fredagsbønnen til Imran Khan. Bønnemøta er lagt opp som samtalar der du er velkommen uavhengig av religion eller politisk ståstad. "Mitt mål er å gje deltakarane håp, møte dei utan å dømme dei for kva dei har gjort. Eg spør aldri kva dei har gjort. Du har falt i ein brønn. Eg spør ikkje kvifor. Mitt fokus må vera korleis du skal kome opp av brønnen att," seier Khan. Khan driv og med mekling mellom innsette som har vore til stor hjelp for miljøet i fengselet. Samtalane, bønnemøta og terapitimene bidreg betydeleg til mindre konfliktar og betre miljø dei innsette mellom.

Bilde: Imran Khan, bønne- og samtaleleiar ved Eidsberg fengsel.


Musikk i fengsel og fengsla i hovudet

Vårt systerstudieforbund, Musikkens studieforbund, har sidan 1991 drive det landsomfattande tilbodet Musikk i fengsel og frihet. Dei gjev musikkopplæring i fengsel og arenaer for rusmeistring. Med musikk som rehabiliterande verktøy, gjer dei innsette og rusavhengige betre rusta til å meistre kvardagslivet og forhindre tilbakefall til rus og kriminalitet. Dei blir klar over ressursar i seg dei ikkje veit at dei har. "Dei innsette rappar tekster, får til, meistrar og kjem til ei erkjenning. Ulikeheitene dei mellom blir gløymt og lagt frå seg" seier Audun Reithaug. Vi fekk møte Varg i Stavanger fengsel. På to og eit halvt år har Varg laga og spelt inn nok songar til fire album og ser på seg sjølv meir som musikar enn som innsett. Slik byggjer vi gode naboar og medmenneske! All tekst og musikk er skapt av Varg som ein del av Musikk i fengsel og frihet. Om sangen seier Varg sjølv: "Sangen handlar om korleis det er å vera her inne. Du er ikkje berre fengsla, du er fengsla i hovudet også."




Målgruppa var fritidsleiarar, instruktørar og andre som arbeider med utvikling, administrering og gjennomføring av kurs i fengsel. Takk til Turid Jørgensen Hånerud frå Back in the ring, til Imran Khan, bønne- og samtaleleiar, til Trond Halbo frå Frikvarteret, til Audun Reithaug frå Musikk i fengsel og frihet og Musikkens studieforbund, til Desire Johansen og gjengen ved Eidsberg fengsel for alt de har tilrettelagt og ordna for oss, samt elles alle deltakarar for alt de bidrog med inn i diskusjonen og kunnskapsdelinga. Dette må vi gjere meir av!


Alle foto; Torunn Elise Kveen, Studieforbundet kultur og tradisjon


66 visninger

Siste innlegg

Se alle
bottom of page