top of page

Nyheiter

Er heildigitale kurs komne for å bli?

Kultur- og likestillingsdepartementet foreslår heildigitale kurs som ei permanent ordning! Forslaget kjem på bakgrunn av mottekne innspel frå studieforbunda, og blir senda ut på høyring med frist 1. mars 2023. Enn så lenge, snurr digitale kurs fram til 1. juli 2023!


Bjørg Schultz i Vågå Husflidslag er ei av dei som verkeleg har har trakka fremst i spannet og prøvd ut digitale handverkskurs under pandemien. Foto: Arve Danielsen, avisa Fjuken.


Studieforbundet kultur og tradisjon er svært glad for at dette forslaget nå kjem frå Kultur- og likestillingsdepartementet. Vi ser at dei digitale kursa vi utvikla og prøvde ut under pandemien, fungerer svært godt. Dei har lågterskelinngang, famnar mange og er eit godt supplement til dei fysiske kursa vi framleis sjølvsagt har mest av. Pandemien tvinga fram ei utprøving og utvikling av digitale kurs i løpet av kort tid, og situasjonen slik den var, fekk mange med på bølgen for både å arrangere og å delta. Det gjorde at kompetansen vokste fort fram og vart eit godt verktøy for oss. Vi er også glade for at det midlertidige vedtaket er forlenga til 1. juli 2023. Det har mykje å seie for å sikre kontinuitet og gjere det føreseieleg for laga våre, seier dagleg leiar i Studieforbundet, Kjærsti Gangsø.


Forslaget blir sendt på høyring med høyringsfrist 1. mars 2023, og dei foreslåtte endringane skal etter planen tre i kraft 1. juli 2023. Høyringa vil bli lagt ut på følgjande nettside 1. desember: www.regjeringen.no/2947948


Kultur- og likestillingsdepartementet har beslutta å forlenge det midlertidige unntaket frå forskrifta §11, andre ledd fram til og med 1. juli 2023.



109 visninger

Siste innlegg

Se alle
bottom of page