top of page

Nyheiter

Eitt år ved tradisjonshandverkets Mekka?

Tradisjonshandverk er framtida, og behovet for tradisjonshandverkarar er skrikande. Ivrar du for tradisjonsbygg, er Handverkskolen på Hjerleid så absolutt staden å søkje kunnskapen, og det er framover svært gode moglegheiter for å få halde på med det du brenn for. Mellom anna skal eit kyrkjefond på 10 milliardar gå til freda og listeførte kyrkjer – her er mykje oppdrag og arbeid i vente, og stort behov for kunnskap om tradisjonelle byggeteknikkar, materialar og verktøy.  Forutan statlege midlar til freda hus i privat eige, kjem og andre tilskot som Riksantikvaren og fylkeskommunane har ansvaret for.


Tidlegare elev ved Hjerleid, og nå anerkjent i miljøet og gjævt brukt som lærar, Anton Rudi, har transformert låven på sitt nykjøpte småbruk ved bruk av tradisjonelle byggeteknikkar og materialar.

"Gamle falleferdige hus er trist å sjå. For meg fjøs spesielt. Men det fins håp. Om det ikkje kjem dyr inn att, så går det an å bruke husa til noko anna! Med stort pågangsmot, tålmod, iver og kunnskap. Og med flinke medhjelparar. Slik fekk fjøset på Søre Bentdal på Dombås, hos sonen min Anton, nytt liv. Eg er takksam for vår ivrige "lafteson"!", skriv mor Fride Gunn Rudi i ein facebookpost. Foto: Fride Gunn Rudi.


Hjerleid er kjent som "treskjæringens mekka" og er landets eldste skule for handverk og husflid, starta i 1886.

På Hjerleid kan du lære det du treng og kjenner på at du manglar for å utøve handverket ditt på tradisjonelt vis, og for å kvalifisere deg til nye og utfordrande oppgåver innan istandsetting og restaurering. Der er tradisjonelle byggeteknikkar vektlagt, i motsetning til mange andre utdanningar, og skulen har godkjenning for å ta inn vaksne med fullført vidaregåande utdanning. Dette skapar forutan ei spennande, mangfaldig elevgruppe, også ein arena for gjensidig læring og spesielt godt skulemiljø. Du vil her fylgje vanleg læreplan og kan få sveinebrev som mellom anna. Vg2 Tømrar kan vera eit nyttig år for deg som vil fordjupe seg i tradisjonshandverk, for å kvalifisere deg til nye og utfordrande oppgåver innan istandsetting og restaurering.


Skulen legg vekt på at elevane skal kunne gå i djupna og lære seg teknikkane i nært samarbeid med lærarane. Elevane vil få moglegheit til å arbeide på reelle oppdrag og få innsikt i rasjonelle teknikkar og arbeidsprosedyrar.  Hjerleid har gode lokale med laftehall, benkeverkstader, maskinrom og teorirom, gymsal m.m. Elevane kan leie hybel i nær skolen.


Grindbygg reist på Hjerleid med gjestelærar Richard Andersen. Foto: Helle Hundevadt.


Vg2 Byggteknikk med vekt på tradisjonsbygg

Vg2 Byggteknikk passar for deg som har interesse for eldre byggetradisjonar. Du lærer å lafte og bruke håndverktøy, men også nytte maskinverktøy når det trengs. Du lærer om treet som materiale frå det veks i skogen, til det er eit ferdig byggverk. Elevane jobbar på konkrete oppdrag frå kundar.  Teknisk teikning, regelverk, HMS, dokumentasjon, rapportskriving og kalkulere pris er ein del av bransjelæra.

Fleire tema: ulike typar reiste konstruksjonar (bindingsverk, grindverk), taktekking, veggkledning, tørrmuring, overflatebehandling og tjærebrenning. Elevane skal og lære prinsipp for restaurering og istandsetting av gamle bygningar. Vg2 Tømrar følger godkjent læreplan, men vektlegg tradisjonelle byggeteknikkar.


Vg2 Tradisjonsmaling med vekt på tradisjonelle teknikkar

Eit anna utdanningstilbod som Hjerleid tilbyr, som også er svært aktuelt av grunnane nemnt over, er Overflatebehandling. På vg2 Overflateteknikk lærer du å lage flere typar overflatebehandling frå grunnen av, slik som linoljemaling, beis, lakk, komposisjonsmaling, lasur, limfarge, egg tempera, oljemaling. Du lærer systemet for oppbygging av ulike behandlingar, du lærer tapetsering, legge golvbelegg, penselføring og arbeidsteknikkar, fargelære, og du lærer dekorasjonsmaling. Dette er til dømes sjablongmaling, marmorering, rosemaling, lasering, forgylling og ådring. Du lærer og restaurering, fjerne maling, sopp og mugg, problemløysning, interiørdesign og stilhistorie.

 

Ingerid Vindenæs, tidlegare elev ved Hjerleid og lærling hjå Malemestrene Juuhl & Bratfoss AS. Ho får mange spennande oppdrag som lærling i hovudstaden, til dømes på Slottet og elskar tradisjonsmaling. Foto: Martin Bjørk Halvorsen


Fagskuleteknikar, ein av mange vegar vidare

Rehabiliteringsmarknaden er stor og det er et behov for handverkere som har kunnskap om den eldre bygningsmassen. Skuletilbodet vil kunne bidra til å rekruttere til handverkarar for både næringslivet og kulturminnevernet. Skuletilbodet gjev og moglegheit til vidareutdanning som fagskuleteknikar etter sveinebrev. Dette er ei utdanning som Oppland fylke har igangsett saman med Fagskolen Innlandet og NHO Byggenæringen. Den vil og kunne rekruttere til Bachelorgraden i Tradisjonelt bygghåndverk ved NTNU.

 

Kulturarvskulen Hjerleid

Hjerleid er ein privat kulturarvskole, som har utdanningstilbod i tradisjonshandverksfag for unge og vaksne i heile landet. Skulen har tilbod om vg1Håndverk, design og produktutvikling, vg2 Trearbed, vg2 Tømrar, vg2 Tradisjonsmaling, vg2 Smed, vg2 Søm og tekstilhåndverk og vg3 Treskjærer. Les gjerne meir på hjerleid.no

Første søknadsfrist er 1.mars, men skulen tek inn elevar gjennom heile sommaren. Eit år på Handverkskolen er ikke som på alle andre vidaregåande skular. Her får du moglegheit til å drive med praktisk arbeid store delar av skulekvardagen.

 

Fleire tilbod ved skulen


Av fleire tilbod skulen har:


VG1 Handverk, design og produktutvikling

Du lærer å bruke grunnleggande handverksteknikkar ved utforming av produkt , til dømes skinn, tekstil, tre, metall, leire.

Bruke tradisjonelle teknikkar for å gjenskape tradisjonelle handverksprodukt, og bruke denne kunnskapen i nyskaping. Til dømes karveskurd, tapp og sink, brodere, ornamentikk og mønsterdesign.

Gjenbruke og reparere ulike handverksprodukt, som redesign av tekstilar, metall og tre.

Bli kjent med kulturarven vår, og få forståing for eigen og andre sine kulturuttrykk og handverkstradisjonar.

Undervisning i grunnleggande fargelære, teikning, stilhistorie, HMS, produktutvikling, bruk og stell av verktøy og maskinopplæring. I løpet av året vel du ei fordjuping som du kan fortsette med på VG2.

 

Produkt laga med Ulu of Norway og Sofie Kleppe som gjestelærarar.


Vg2 Trearbeid

På Vg2 Trearbeid er det hovudvekt på treskjæring eller møbelsnekring. Du lærer å skjære i fleire stilartar, og lærer å meistre grunnleggande teknikkar både i treskjæring, tredreiing og samanføyingar i møbelsnekkarfaget. Overflatebehandling, teikning av ornament, sliping av verktøy, design og produktutvikling og HMS er tema. Maskinlære og materiallære inngår også i timeplanen, det same gjer kunsthistorie og faglege ekskursjonar. Undervisinga skal legge til rette for utvikling av elevane sine estetiske, kreative og kritiske sansar.

 

Foto: Thom Kelly


Vg2 Smed

På Vg2 Smed lærer du å smi og meistre ulik varmebehandling av jern og stål. Du lærer sveising og dreiing, filing, herding, essesveising og mange andre teknikkar. Skuleåret startar med å brenne kol og bleistre jern av myrmalm i fjellet. Gjennom skuleåret lagar du eigne verktøy som tenger, kniv, øks og hammar, men og hengslar og låser, skulpturar og krevjande oppgåver som å smi ljå eller navar. Alle elevane vel eit eige prosjekt på slutten av året.

 

Foto: Even Hansen


Les gjerne meir på hjerleid.no

452 visninger

Siste innlegg

Se alle
bottom of page