top of page

Nyheiter

Dobla elevtal på Hjerleid

I dag var offisiell opning av skuleåret på Handverksskolen på Hjerleid på Dovre. Ekstra gledeleg er det at elevtalet har dobla seg frå i fjor, dette noko grunna to nye utdanningstilbod ved skulen, men skulen har i år også fleire elevar på dei øvrige linene.


– Vi er kjempestolte over å kunne tilby to nye opplæringstilbod dette skuleåret, og er glade og audmjuke for å kunne ynskje så mange som 50 elevar velkomne til skuleåret 2020/2021 ved Hjerleid, ei dobling frå i fjor. Eg vil berømme tilsette og rektor Helle Hundevadt for måten dei legg til rette på og for fagkompetansen og eigenskapane dei innehar. Med dette veit eg elevane er i dei beste hender, sa dagleg leiar i Studieforbundet kultur og tradisjon, Kjærsti Gangsø under opninga.


Handverksskolen har i år to nye opplæringstilbod, Vg 1 Handverk, design og produktutvikling og Vg 2 Overflateteknikk. På Vg 1 Handverk, design og produktutvikling lærer elevene å bruke grunnleggande handverksteknikkar ved utforming av produkt, for eksempel skinn, tekstil, tre, metall og leire. På Vg 2 Overflateteknikk, lærer dei å lage fleire typer overflatebehandling frå grunnen av, som linoljemaling, beis, lakk, komposisjonsmaling, lasur, limfarge, egg tempera og oljemaling. Interessa for dei to nye fagtilboda har vore stor.


8 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page