Nyheiter

Månadens frivillig! Daghild, Ragnhild og Eli er finalistar til Frivillighetsprisen 2022!

Oppdatert: 15. nov.

Daghild Håvardsholm (87), Ragnhild Ulland Ødegaard (80) og Eli Olsen (78) har alle tre jobba frivillig i bunadsnemnda i Rogaland i om lag 40 år. No er dei blant seks finalistar i Frivillighetsprisen, blant 504 nominerte. Om mange nok stemmer på dei, kan dei derfor gå av med sigeren.



Frå venstre: Eli Olsen, Daghild Håvardsholm og Ragnhild Ulland Ødegaard. Foto: Målfrid Grimstvedt.

– Me blei jo ganske sjokkerte og overgitte. Det var veldig uventa! seier Daghild Håvardsholm (87).

Ho er saman med Ragnhild Ulland Ødegaard (80) og Eli Olsen (78) kommen til finalen i Frivillighetsprisen, som blir delt ut kvart år av Frivillighet Norge. Blant 504 nominerte er det no plukka ut seks finalistar, der vinnaren blir kåra den 5. desember. – Juryen har ut frå rekordmange nominasjonar vald ut seks sterke finalistar til den nasjonale Frivillighetsprisen 2022. I år markerer vi Frivillighetens år, og da blir det ekstra stas å få dele ut Frivillighetsprisen på Frivillighetens dag 5. desember, seier generalsekretær i Frivillighet Norge, Stian Slotterøy Johnsen. No er dei òg inviterte til gjestebod på Skaugum den 16. november, saman med 60 andre frivillige, da Hans Kongelige Høyhet Kronprins Haakon er høg beskyttar av frivilligåret. – Det er jo ein ære det, å bli invitert dertil, seier Daghild på vegner av trioen, som garantert stiller med bunad både på Skaugum og på finaledagen. Har revidert bunadar og halde sykurs frivillig i 40 år Dei tre damene har sidan 1980-talet utgjort kjernen i Bunadsnemnda i Rogaland Ungdomslag, som er del av Noregs Ungdomslag. I denne perioden på 40 år, har dei gjennom nøye arbeid og undersøkingar revidert mannsbunaden for Rogaland og rekonstruert kvinnebunaden for Ryfylke, begge for både vaksne og barn. Dette har dei gjort i samarbeid med Norsk Institutt for bunad og folkedrakt (NBF).

For å få til dette, har dei gjort grundige undersøkingar av gamle draktar, og gjort anna gransking. Eit døme blant mange, er at dei lærte seg gotisk handskrift, for å tyde nedskrivne skifte frå 1700-talet. Desse tekstane har dei lese for å finne ut av kva stoffar, fargar, mønster og ikkje minst syteknikkar som vart brukte på 1700- og 1800-talet, før symaskin vart vanleg å bruke. – I skifta står det kva type klede dei hadde- kor mange stakkar kor mange trøyer og kor mange vestar, farge på dei, at dei var rosete. Vi veit ikkje korleis dei såg ut, men det stod om det var bomull eller lin eller ull. Stoffa var beskrive. Men det var mennene som skreiv desse skifta, så det var ikkje alt dei kunne, ler ho. Etter å ha revidert og rekonstruert bunadane, har dei gjennom desse 40 åra òg halde utallege kurs i korleis ein kan sy bunadane for hand, både for eldre og yngre kursdeltakarar. Daghild har ikkje tal på kor mange kurs det har vorte gjennom åra, men mange er det.

Den høge alderen til trass- det kan sjå ut til at damene berre blir meir aktive og kursa deira meir ettetrakta ettersom åra har gått. Og yngre kursdeltakarar har komme til, noko dei synest er veldig kjekt. – Akkurat no har vi venteliste på kurs. det har vi hatt dei siste åra. Det har vore litt forskjellig.

No når det blir så mykje publisitet, blir det gjerne enno verre, for no begynner vi å bli så gamle, ler ho.

– For no er jo gjennomsnittsalderen vår 82 år, så nokre folk rundt oss begynner å bli litt nervøse for kor lenge vi kan halde ut. Vil synleggjere arbeidet dei har gjort Ei av dei som set veldig pris på kunnskapen damene har samla og deler vidare, er Ann Cathrine Høyland i styret i Rogaland Ungdomslag. Ho har vore med og nominert dei tre damene til prisen. – Vi vil at dei tre damene skal bli synleggjort, og vi vil vise kor takknemlege vi er for det dei har gjort for oss, seier Høyland.

– Det er ingen andre som kunne ha gjort den jobben som dei har gjort, eller som har den kompetansen som dei har, seier Høyland.

– Det er så viktig det dei har gjort - kunnskapen må jo vare - vi er redde for å miste den kompetansen.

Eli, Daghild og Ragnhild saman med andre som brenn for bunadbruk og bunadtilverking ved Fagdagane i bunad og folkedrakt på Fagernes i august. Foto: Mona Husby, Noregs Ungdomslag.



Mykje kunnskap å føre vidare Daghild fortel at det no er nokon yngre som prøver å ta over kunnskapen dei har samla gjennom åra. Men det er ganske mykje kunnskap å skulle overføre.

– Det er jo ein del arbeid, og det er ikkje alle som er villige til å gjere det arbeidet. For det har vore mykje arbeid, men dei nominerte damene synest at det frivillige arbeidet gjennom alle åra har gitt dei mykje. – Vi har jo fått mykje igjen for det sjølve òg. Vi blir jo kjende med mange andre vi ikkje ville blitt kjende med ellers. Dei som kjem på kurs, likar seg så godt på kurs at vi nesten må jage dei ut igjen, ler ho. – Akkurat no er det så mange på venteliste at vi må vere litt strenge, dei må jobbe litt heime òg.


For det er avgrensa kor mange elevar fire lærarar klarer å ha. Den fjerde læraren er Målfrid Grimstvedt, som er søstra til Daghild, og også med i bunadsnemnda.

– Det er ikkje så mange kurs med så mange lærarar. Så litt eksklusivt er det med så mange lærarar på eitt kurs.

– Her får dei fråtse i fire stykk, så dei slepp å vente så lenge. Dei synest jo det er veldig kjekt- så dei går dit som om det var i ein annan klubb- eller ei syforeining. Stem fram ein vinnar Generalsekretær i Frivillighet Norge, Stian Slotterøy Johnsen, er svært nøgd med og imponert over dei seks finalistane som er igjen i konkurranse om sigeren.

– Frå kulturarv i Rogaland til pasientorganisasjonar i Tromsø, frå Pride på Røros til “epleslang” på Stovner. Denne finalegruppa er utruleg mangfaldig og representerer frivilligheten veldig godt. Alle desse seks finalistane er verdige vinnarar, og eg ønsker å gratulere dei med å vere i finalen i Frivillighetsprisen 2022, held han fram. No vil han oppmode publikum om å stemme på vinnaren. For det er ut frå stemmene til publikum tre av finalistane hamnar på toppen, før juryen kårar ein av dei tre med flest stemmer, til vinnar.

– Eg oppfordrar alle til å vere med på å hylle desse flotte frivillige, gjennom å stemme fram vinnaren av Frivillighetsprisen 2022. Utan dei, og alle andre som stiller opp i det frivillige, hadde Noreg vore eit fattigare land, seier Slotterøy Johnsen. Og oppmodinga frå Rogaland Ungdomslag er klar: – Stem på desse flotte bunaddamene for det verdifulle arbeidet dei har gjort og framleis gjer! Dei er ikkje så opptatte av merksemd sjølve, men dette har dei jammen fortent! Fakta om arbeidet til Daghild, Ragnhild og Eli i bunadnsnemnda i Rogaland: *Dei har i 4o år drive gransking og utvikla mannsbunad frå Rogaland og kvinnebunad frå Ryfylke i samarbeid med Norsk Institutt for bunad og folkedrakt (NBF). *Dei har gjort bunadane allment tilgjengelege gjennom kurs og forhandlarar. *Alt arbeidet dei har lagd ned, er gjort som ulønt kulturarbeid gjennom Rogaland Ungdomslag, som del av Noregs Ungdomslag. * Gjennom dette arbeidet held dei oppe og formidlar viktig immateriell kulturarv; ulike teknikkar i handsaum, broderi, strikking, tilpassing og påkledning av 17- og 1800-tals draktskikk. *Har òg laga eit omfattande kursmateriell: Til kursa har dei sydd opp alle størrelsar på ein vest, til dømes, frå 36 opp til 46. Så har dei sydd det opp i lerrett, sånn at kursdeltakaren skal kunne prøve lerettsmodellen og finne ut kva som passar. Dei har òg laga mønster i papir på alle storleikane. Og laga papir på korleis alle desse skal syast. Fakta om Frivillighetsprisen Frivillighetsprisen skal gå til ein person, ei lokal foreining eller ei gruppe som har gjort ein ekstraordinær frivillig innsats over lengre tid.

  • Frivillighetsprisen 2022 skal delast ut av Kulturminister Anette Trettebergstuen, styreleiar i Frivillighet Norge Kjell Erik Ullmann Øie og Administrerande Direktør i Norsk Tipping Thor Gjermund Eriksen

  • Juryen til Frivillighetsprisen er leia av styreleiar i Frivillighet Norge Kjell Erik Ullmann Øie. Andre medlemmar i juryen er stortingsrepresentantane Tage Pettersen (H), Åslaug Sem-Jacobsen (Sp) og Åse Kristin Ask Bakke (AP), samt samfunnskontakt i Norsk Tipping Stian Seland, nestleiar i A Step Closer Betül Cokluk og forskar på sivilsamfunnet ved Institutt for Samfunnsforskning, Daniel Arnesen.

  • Finalistane til årets pris blir lanserte 14. november. Deretter følger ein finalerunde der folk kan stemme på sin favoritt på https://frivillighetensdag.no/frivillighetsprisen til og med søndag 27. november. Juryen vel ein vinnar blant dei tre finalistane med flest stemmer.

Stem på din favoritt


Dette er finalistane:

1. Berit Olava Kvalvik

LHL og Manger frivilligsentral

Berit (91) har vore tillitsvald LHL siden 1992. Hennar frivillige engasjement starta allereie da hun som barn var med sin bestemor rundt i nærområdet for å hjelpe gamle og sjuke. Ho har vore leiar av lokallaget LHL Radøy i 20 år, medlem av fylkesstyret i LHL Hordaland, leiar av det tidlegare regionstyret for Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland og tidlegare leiar av valkomitéen til landsmøtet. Berit etablerte òg Manger frivilligsentral på Radøy, der ho sjølv var leiar i 10 år. Berit er ei eldsjel med ein utruleg kapasitet, som har vore frivillig i meir enn 80 år, og framleis er det i ein imponerande alder av 91.


2. Eli Olsen, Daghild

Håvardsholm og Ragnhild Ødegaard (Bunadsnemda), Rogaland Ungdomslag

Eli Olsen, Daghild Håvardsholm og Ragnhild Ødegaard har i 40 år vore aktive forskarar, tradisjonsberarar og formidlarar innan bunadsarbeid bygd på norske folkedrakttradisjonar. De har gjort dette gjennom to prosjekt: revisjon av mannsbunad for Rogaland og rekonstruksjon av kvinnebunad for Ryfylke. Begge bunadane er utarbeidd både for vaksne og for barn. Gjennom dette arbeidet held dei liv i og formidlar viktig immateriell kulturarv: ulike teknikkar i handsaum, broderi, strikking, tilpassing og påkledning av 1700- og 1800-talls draktskikk. 3. Hans Oddvar Stuenes

Røros Pride, FRI Trøndelag

Hans Oddvar (49) har vore frivillig sidan 90-tallet. Han har arbeidd for at skeive skal ha trygge arenaar i regionen, og er grunnen til at Røros har sin eigen Pride. Han starta den lokale røsrsla og har vore leiar sidan oppstarten i 2019. Han har jobba kvar einaste dag sidan da for å stable Røros Pride på beina. Over 500 personar møtte opp i paraden i 2021, og arrangementet har gitt ringverknader både i kommunen og i regionen. I tillegg har Hans Oddvar eit engasjement for volleyball og idrett for ungdom som har falle utanfor.


4. Hogne, Jensen

Nordlys karateklubb, Afasiforbundet i Norge, Afasiforeningen for Tromsø og omegn, Troms parkinsonforening

Frå han var 12 år gammal, har Hogne (34) vore karatetrenar og primus motor, først i Salten karateklubb og deretter i Nordlys karateklubb. Han er no karatetrenar for tre parti med barn og unge og vaksne og stiller på minimum seks treningar kvar veke, ofte fleire. Han har òg vore leiar for Afasiforbundet i Norge og aktiv i både Afasiforeningen og Parkinsonforeningen i Troms. Han har gjennom fleire år halde foredrag og skapt aktivitetar, ikkje berre for karateutøvarar, men også for utsette pasientgrupper. Hogne kombinerer idrettsengasjement med arbeid for utsette pasientgrupper. Har deltatt i frivilligheten imponerende lenge trass i sin unge alder!


5. Simin, May

Røde Kors, DNT, Home Start, Frelsesarmeen, Bærum, Rykkin, Drammen og Sagene frivilligsentral. Oslo og Bærum internasjonale kor m. fl.

Simin May (54) har vore frivillig heilt frå ho kom til Noreg i 2008 og fram til i dag, og ser ikkje ut til å gi seg med det første. Ho har eit breitt nettverk og evnar å motivere menneske til å stille frivillig. Ho har vore aktiv frivillig i Multikulturell Frivillighetssentral (tidligere SAIFF) siden 2010 og Bærum frivilligsentral sidan 2012. Ho er også aktiv i Drammen frivilligsentral og arrangerer kvinnedagane her. Ho har vore frivillig aktivitets- og turleiar i Røde Kors, både i Oslo og Bærum. Simin leiar i dag Bærum internasjonale kor og sit i styret Oslo internasjonale kor.


6. Hasnain, Asghar

Lif Laga

Hasnain Asgehar (19) bidrar mykje som frivillig i bydel Stovner og har gjort dette i fire år. Han har blant anna vore med i Lif Laga som er et prosjekt der ungdom får plukke eple i private hagar i bydelen, som dei så lagar eplemost av. Dei plantar tre, haustar eple, beskjærer epletrær, produserer og sel eplemosten. Hasnain har utmerkt seg i dette prosjektet og er flink til å få med andre ungdommar. Han er eit stort forbilde for mange i nærmiljøet. Hasnain starta òg eit elevbedrift-prosjekt via skolen som heitte Kulturgryta. Her fekk han med mødrer med forskjellig minoritetsbakgrunn til å vere med å lage mat frå forskjellige kulturar. Kvar laurdag var det tema frå eit land. Pengane som kom inn til prosjektet Kulturgryta brukte han på å bygge ein brønn i Bangladesh og gi mat til menneske Palestina. I 2021 vann han årets unge eldsjel i bydel Stovner.


Stem på din favoritt


Tekst: Ann Cathrine Høyland, Synnøve Jørgensen og Solgunn Liestøl / Rogaland Ungdomslag og Beate Haugtrø / Noregs Ungdomslag.

62 visninger

Siste innlegg

Se alle