Budsjettavtalen reverserer kutt i opplæring – ein viktig seier for frivilligheita
Budsjettavtalen legg opp til å reversere heile det foreslåtte kuttet på om lag 70 millionar kroner til studieforbunda. Dette kjem etter kraftig mobilisering av frivilligheita over heile landet. Avtalen manglar førebels fleirtal i Stortinget.

Studieforbunda står bak opplæring og aktivitet i hundrevis av frivillige organisasjonar over heile landet. Kvart år deltek nærare ein halv million nordmenn på kurs innan kultur, beredskap, inkludering, meistring, organisasjonsarbeid, natur og friluftsliv.
Regjeringa foreslo i statsbudsjettet å kutte 37,5 millionar kroner i tilskotet til studieforbunda under Kultur- og likestillingsdepartementet, tilsvarande ein fjerdedel av løyvinga, og 32,5 millionar kroner under Kunnskapsdepartementet, tilsvarande ei halvering av tilskotet.
Budsjettavtalen mellom Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Rødt legg nå opp til å reversere begge kutta.
– Dette er godt nytt for frivilligheita i heile landet. Partia bak budsjettavtalen har lytta til alle organisasjonane som har fortalt kva desse midlane betyr for læring, deltaking og fellesskap, seier Stian Juell, generalsekretær i Voksenopplæringsforbundet.

– Budsjettavtalen har førebels ikkje fleirtal i Stortinget, men vi forventar at reverseringa blir ståande fram til det endelege budsjettvedtaket i desember. Vi vil rette ein stor takk til alle som har bidratt til å løfte saka: medlemsorganisasjonar, lokallag, tillitsvalde, eldsjeler, frivillige og privatpersonar som har synleggjort kva studieforbundsordninga betyr i praksis. Takk også til lokalpolitikarar, fylkespolitikarar og stortingspolitikarar som har lytta til frivilligheita og tatt saka vidare. Dette resultatet viser at det nyttar å engasjere seg. Når frivilligheita står saman og fortel kva som står på spel, blir ho høyrd, seier Kjærsti Gangsø, leiar i Studieforbundet.

Ei brei mobilisering frå heile landet
Dei siste vekene har tillitsvalde, eldsjeler og deltakarar frå frivillige organisasjonar mobilisert mot kuttforslaget.
Takk til alle som har engasjert seg og synleggjort kva studieforbundsordninga betyr for lokalsamfunn, frivillig innsats og livslang læring.
– Dette engasjementet viser kor sterkt opplæringa i frivilligheita står i lokalsamfunna våre. Bak kvart kurs står menneske som deler kunnskap, skaper aktivitet og byggjer fellesskap. Det er svært gledeleg at denne innsatsen no blir anerkjend i budsjettavtalen, seier Hege Irene Fossum, styreleiar i Vofo.

Vofo og studieforbunda takkar Senterpartiet, Raudt, Sosialistisk Venstreparti, Miljøpartiet Dei Grøne, Kristeleg Folkeparti og Venstre for at dei prioriterte å reversere kutta i sine alternative statsbudsjett, og alle lokalpolitikarar, fylkespolitikarar og stortingspolitikarar som har løfta saka.

Ventar på endeleg vedtak i desember
Budsjettavtalen har førebels ikkje fleirtal i Stortinget. Studieforbundet forventar at reverseringa blir ståande fram til det endelege budsjettvedtaket i desember.
– Vi er svært glade for at partia bak budsjettavtalen har prioritert studieforbunda. Vi håpar og trur at Miljøpartiet Dei Grøne står ved prioriteringa si av vaksenopplæring i frivilligheita, anten dei sluttar seg til avtalen eller ikkje. Nå må vi sikre at reverseringa blir ståande fram til det endelege vedtaket, seier Stian Juell.




Kommentarer