Studieplanar

Studieforbundet har vald å lage overordna studieplanar. Til dømes masketeknikkar, i staden for strikking, hekling, hakking m.m., og trearbeid i staden for treskjæring, lagging, sveiping mm. De vil slik ikkje finne detaljerte studieplanar. Vel ein studieplan som passar til aktiviteten og måla med kurset dykkar, og med kurslengda (timetal) Om de har eit kurs som ikkje passar inn i nokon av studieplanane som ligg på nettsida, ta kontakt med oss. Telefon: 61217750 eller post@kulturogtradisjon.no

Studieplanen er ei avtale mellom kursarrangør, kurslærar og kursdeltakar. Den skal vere med å sikre at alle partar har den same oppfatninga av kva målet med kurset er. Det er difor viktig at studieplanen er god. Studieforbundet har ferdige studieplanar. Her finn du ei oversikt over Studieforbundet kultur og tradisjon sine studieplanar.(Studieplankatalogen er under kontinuerleg oppdatering.) Det er viktig at kursarrangør og kurslærar har lese studieplanen og er einige om at det som står der fell saman med ynskje om mål og innhald i kurset.

Kurs/opplæring som får kurstøtte i tråd med Voksenopplæringsloven skal fylgje ein studieplan. Studieplanen seier noko om kva som er målet for opplæringa, kven som er målgruppa, kva det blir arbeidd med og korleis. Studieplanen skal ligge ved søknaden om kursstøtte, og den skal og ligge ved kursrapporten.

Innhald i studieplanen:
• Namn på kurset
• Mål for opplæringa
• Metode/arbeidsform
• Innhald
• Læringsressursar (bøker, filmar, internett, arbeidsredskap, spesielle krav til lokal mm)
• Målgruppe/nivå/krav til forkunnskapar
• Tilrådd timetal

Studieplanene er bygget opp etter denne matrisen