top of page
SKT Logo_farge_edited.png

Vevopplæringa

For dei som ynskjer å lære meir om handveving

veve skjerf.jpg

Praktisk informasjon

Modulplan
Læreplan for handvevarfaget VG3/opplæring i bedrift
Litteraturliste
Kursavgift 

frå 2025 er ca. 5000 kroner per modul. 

Kost og losji

Raulandsakademiet tilbyr overnatting. 

Deltakarane må sjølve ta kontakt med akademiet for overnatting. Bruk e-post post@raulandsakademiet.no

og informer om at det gjeld Vevopplæringa
Tlf.: 35 07 32 92 (resepsjon/vakttelefon)

Deltakarane tek med

Pc, perm, skisseblokk, skrivepapir, rutepapir 5 mm, plastlommer, blyantar, raud og blå, måleband, nåler, saks, skeikrok.

Undervisningsstad

Rauland og vevsalen til Rauland Husflidslag, ca 500 m frå Raulandsakademiet.

Undervisningstid

kl. 09.00 – 18.00.

Siste dag blir avslutta kl. 13.00.

Kurslengde

Heile løpet går over tre år, med to vekesmodular i året kvar på fem dagar. Vår og haust.

Kven passar kurset for?

Kursrekkja rettar seg spesielt mot dei som ønskjer å ta sveinebrev i handvevarfaget, men er open også for dei som vil lære meir om faget. Kursrekkja bygger på kompetansemåla i læreplanen for handvevarfaget VG 3 opplæring i bedrift.

Kursrekkja er open for alle, og det er ikkje opptakskrav, men det er ein fordel med grunnleggjande kunnskap i data. Det vil bli brukt digitale verktøy i utarbeiding av oppskrifter.

Informasjon
Kurslærarar

Vi vekslar mellom ulike kurslærarar. I løpet av kursrekkja inviterer vi også inn utvalde gjestelærarar.

Arbeidsform

Praktisk arbeid i vevsalen. Individuelt arbeid, plenumsdiskusjonar og stutte økter med teoriundervisning. Individuell rettleiing og undervisning i grupper. Vevsalen er open om kvelden slik at du kan praktisere utanom undervisningstida.

Kontakt oss

Studieforbundet kultur og tradisjon, Vågåvegen 35, 2680 VÅGÅ,


kristin@kulturogtradisjon.no,
Tlf: 91841263

Det er bindande påmelding, og påmeldingsfrist er 6 veker før fyrste kursdag. Dersom det er ledige plassar, tek vi i mot påmelding fram til kursstart.

bottom of page