Tingvoll er verdas beste plass!
- torunn92
- for 2 døgn siden
- 4 min lesing
Oppdatert: for 1 døgn siden
«Adi frå Moldova, tolken vår, seier at Tingvoll er verdas beste plass. Nå har han fått opphald. Men han vil ikkje bu nokon andre plassar enn her. Han VIL bu på Tingvoll. Da har vi jo gjort ein liten forskjell for nokon i alle fall. Det er eg stolt over.»

Dette var Kari Kristin Folden sitt svar på spørsmål om ho kjenner på at ho bidreg noko til samfunnet ved å halde inkluderingskurs i Tingvoll Husflidslag gjennom Studieforbundet sitt inkluderingsprosjekt Åpent for alle. Kari Kristin er leiar i Tingvoll Husflidslag og brenn for inkludering, opplæring og at alle skal vera med. «Eg har ein mistanke om at vi har påverka nokon av dei busette flyktningane som bur på Tingvoll litt, slik at dei tykkjer det er kjekt å bu her», seier ho. «Det er eg stolt over.»
Tingvoll Husflidslag, med eldsjela Kari Kristin Folden fremst i spannet, har halde Åpent for alle-kurs i alle fall i dei siste fire åra. Kari rekna 12 kurs, men meinte ho ikkje hadde kome på alle. Dei starta på asylmottaket med strikkekurs, etter kvart voks dette seg større, og dei har hatt mellom anna heklekurs, sykurs, knivkurs, treskjering og trearbeid. Over 200 innvandrarar og flyktningar har vore med på desse kursa over åra.
«Irina frå Ukraina, for eksempel, er med på alle kurskveldane våre, i sløydsalen og på strikkekafeane. Ho har og halde kurs for oss i å sy den ukrainske festblusa Vyshyvanka. Da brukte vi tolk. Da var det mange ukrainske som deltok, og nokre norske», fortel Kari.

Men kvifor i all verda skal ein halde på med inkluderingskurs?
– Det skapar eit fellesskap og samlar oss.
«Det er nå berre slik», seier Kari. «Alle skal vera med.» Kari har vore norsklærar for framandspråklege, har utdanning i spesialpedagogikk, har arbeidd på flyktningkontoret, og har jobba med norskopplæring på vidaregåande. «Drivkrafta er at det er morosamt. Eg vil at alle skal vera med. Slik som da vi hadde spinnekurs med handtein på asylmottaket. Da opplevde vi at nokon frå Etiopia også hadde gjort dette i heimlandet sitt, og ei frå Afghanistan hugsa at bestemor hennar hadde spunne på ein slik handtein. Vi finn historier å samle oss om, som knyter oss saman. Det skapar eit fellesskap og samlar oss. Vi prøvar alltid å få fleire medlemmar i laget, å få fleire med. Nytilflytta her er jo ein ressurs. Frå år til år så er jo befolkninga vår meir og meir representert frå andre kulturar. Da er det naturleg at det skal speglast i organisasjonen og. På kursa våre er vi om lag 1/3 asylsøkjarar, 1/3 busette flyktningar og 1/3 «gamle nordmenn.»

Vi må vera opne for impulsar. Skal ikkje vera berre norsk, norsk og norsk.
"Vi er 25 husflidslag i Møre og Romsdal. Vi er fleire som skulle hatt Åpent for alle-kurs. Det vanlege argumentet er at flyktningar og innvandrarar blir inviterte, men dei kjem ikkje. Da må vi ta det eit hakk vidare opp, da. Finne ut kva dei er interesserte i, kva dei har lyst til. Det er ganske mykje eit husflidslag kan tilby. Til jul bakte vi julekaker i lag, for eksempel. Det var veldig populært. Det er alltids noko å finne på. Da var ukrainarane så ivrige. Vi bakte tre typar julekaker frå Ukraina. Poenget var at det skulle vera litt internasjonalt. Kanskje vi med dette kan skape nye tradisjonar her heime og. Eg, for eksempel, lærte å lage kringle med kverna valmuefrø. Det høyrest kanskje ikkje så godt ut, men saman med ei blanding av frukt, vart det litt anna smak på fyllet, og altså så godt!»
Korleis er det lurt å starte opp?
Tingvoll Husflidslag starta med strikkekafear, i det små. Det er ikkje ressurskrevjande, og det er lågterskel. Dei aller fleste land har noko dei gjer eller lagar med hender og garn, og mange kjenner seg difor på trygg grunn.
«Det eg har høyrt frå enkelte lag er at dei inviterer, men ingen kjem. Det går att litt. Da må du ut og spele litt på dei andre sin banehalvdel. Slik som da vi lagde kurs med den ukrainske festblusa Vyshyvanka. Eller at vi har møtt dei i norskklassane og hadde med oss og synte fram ting vi lagar. Da blir det med ein gong litt tryggare. Da kunne dei etterpå snu seg til kvarandre og spørje: «Skal du? Ja, men da går vi i lag.» Seinast i januar vart eg invitert til orienteringsmøte på flyktningkontoret. Vi fortalde litt om kva for kurs vi hadde, da kom det enda litt fleire. Eg trur at folk kjem dersom dei verkeleg kjenner seg velkomne. Ein plakat på butikken trur eg ikkje dei fleste reagerer på,» avsluttar Kari.
Comments