Fleire og fleire lokallag har skjønt at ein nærast kan få fullfinansiert kursa sine ved å søke tilretteleggingsstøtte frå prosjektet «Åpent for alle» – norsktrening og fellesskap.
Prosjektet går over tre år, og til nå er det store summar fordelt på få lag. Vi ynskjer å spreie potten meir geografisk og fordele på fleire lokallag. Oslo, Rogaland, Nordland og Troms og Finnmark er fylke kor vi gjerne også skulle hatt «Åpent for alle»-kurs.
Tanken er at lokale kurs blir brukt som arena for å styrke språkkompetansen og samtidig bli ein arena for inkludering. Dette kan for eksempel vera gjennom teater, dans, handverk, med aktivitetar som sykurs, matlaging, manusutarbeiding, strikking, med meir.
Kursa rettar seg særleg mot folk i Norge som treng norsktrening, enten dei har budd i Norge i mange år, eller dei er nye i Norge.
Sparebankstiftelsen DNB og IMDi sørger for at Studieforbundet kultur og tradisjon har i overkant av 2,1 millionar å fordele ut til lokallag som vil gjera ein ekstra innsats for språkopplæring.
Du kan lese meir om prosjektet "Åpent for alle her":
Kva kan ditt lokallag bidra med?
Du søker som vanleg i kursportalen, og trykker JA der det står om tilrettelegging. Vi behandlar alle søknadar individuelt og det er rask behandlingstid.
Comments