Nyheiter

Opprop for utdanning i tradisjonsdans i Noreg

Oppdatert: 10. feb.

I Noreg i dag er det ingen institusjon som utdannar dansekunstnarar i folkedans, sjølv om etterspurnaden er stor.



Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk, Rauland ved Høgskulen i Søraust-Noreg (USN), ønskjer å ta eit nasjonalt ansvar også for folkedansen. Eit samla folkedansmiljø i Noreg, med utøvarorganisasjonar, kompani og folkedansforskingsmiljøet i spissen, støttar oppretting av eit scenisk studieprogram for scenisk folkedans ved USN. Vi ser det som staten si oppgåve å stimulere og legge til rette for utvikling av eit norsk dansekunstspråk, og meiner det må opprettast ei høgare, kunstnarleg utdanning for tradisjonsdans i Noreg. Kunnskaps- og kulturminister, samt leiar for familie- og kulturkomiteen har fått dette oppropet:

Opprop

vår_2020_opprop_for_studie
.pdf
Download PDF • 628KB

0 visninger

Siste innlegg

Se alle