Kulturdepartementet løyver 1 million kroner til utgreiingsarbeid for etablering av kulturparaply Kulturminister Thorild Widvey har offentleggjort at Kulturalliansen vil motta 1 million kroner for å kartlegge og utgreie behovet for ein felles nasjonal møteplass for dei frivillige kulturorganisasjonane.
Kulturalliansen er namnet på eit kulturpolitisk samarbeid mellom organisasjonane, Frilynt Norge, Noregs Ungdomslag, Norsk Amatørteaterforbund, Studieforbundet kultur og tradisjon og Norsk musikkråd. Alliansen blei oppretta som samarbeidsforum våren 2015, etter eit felles ønskje om ein paraplyorganisasjon for dei frivillige kulturorganisasjonane i Noreg.
Les meir på kulturalliansen.no - Jeg har tro på aktører som vokser sammen nedenfra, og som samlet gir større styrke, seier kulturminister Widvey til Dagbladet .
Comments