top of page
SKT Logo_farge_edited.png

Nyheiter

Fleire syr bunad i Noreg enn vi trudde – og vi vil lære!

  • torunn92
  • for 3 døgn siden
  • 2 min lesing

Oppdatert: for 16 timer siden

Rapporten om bunadbruk i Noreg, Bunad nå! Status 2025, er nå ute. Den er skrive av Mette Vårdal, og slår fast at ein større del av bunadproduksjonen skjer i Noreg, og at unge – spesielt kvinner – i aukande grad ønskjer å sy heile eller delar av bunaden sin sjølv, så lenge dei får rettleiing.


Det er eit viktig og gledeleg funn. Rapporten gir eit meir nyansert bilde av produksjon og interesse enn det offentlege ordskiftet til vanleg formidlar.



– I fleire år har debatten vore dominert av uro for tap av kunnskap og utflagging av produksjonen. No får vi eit meir samansett bilde. Det blir produsert meir i Noreg enn mange trur, og det spirer ei ny interesse blant unge for sjølv å lære og bidra, seier Mette Vårdal, historikar og forfattar av rapporten «Bunad nå! Status 2025».


Kor stor del av bunadtilverkinga skjer eigentleg utanlands?

Halvparten av nye bunader blir truleg laga i utlandet – men tendensen snur.

Rapporten estimerer at rundt 45 prosent av bunadene som vart selde i 2024 er heilt eller delvis utanlandsproduserte. Det er særleg dei store produsentane som står for dette. Samtidig viser undersøkingar at fleirtalet av forbrukarane er opptekne av at bunaden skal vere laga i Noreg, og produsentane melder om aukande etterspurnad etter lokal produksjon, reparasjon og omsaum.


– Det skjer ei viktig haldningsendring. Bunadkjøparar er opptekne av at bunaden skal vera laga i Noreg, og at det ligg solid fagkunnskap bak, seier leiar for Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Camilla Rossing.


Ho peikar på ei konkret interesse for kvalitet, opphav og handverk. Det handlar om å ta vare på ei levande kulturarv som er tett knytt til både identitet og miljømessig berekraft,


UNESCO-innskrivinga i desember 2024 har truleg vore ein viktig faktor i å styrke merksemda kring bunad som levande kulturarv. Rapporten legg grunnlag for vidare arbeid med kunnskapsformidling, rekruttering og styrking av bunadproduksjon i Noreg.


Unge kvinner vil gjerne lære – men dei må få moglegheita

Eit av dei mest oppløftande funna i rapporten er at unge – særleg kvinner – uttrykkjer vilje til å sy delar av bunaden sjølv, dersom dei får rettleiing. Heile 37 prosent av kvinnene i undersøkinga svarer at dei kunne tenkje seg dette. Dette samsvarar med auka interesse for bunadkurs i regi av frivillige organisasjonar.


Presentajon av rapporten

Eit knippe stortingsrepresentantar var invitert til Kaffistova på frukostmøtet måndag 13. mai 2025. Agendaen her var å høyre resultatet frå rapporten som arbeidsgruppa bak nominasjonen har tinga, og som er skriven av Mette Vårdal.

Politisk semje om bunaden si framtid

Under frukostmøtet fekk tre stortingsrepresentantar ordet for å dele sine eigne erfaringar med bunad, og sine tankar om kva som må til for at denne levande kulturarven skal få ei trygg framtid. Frå SV kom Kathy Lie, frå Sp Åslaug Sem-Jacobsen, og frå Frp Silje Hjemdal. Trass i ulikt politisk ståstad, var det mykje som samla dei tre i samtalen om bunadens verdi – både som symbol og som handverk.

Les meir om dette og meir om funn og tolking på



Alle foto: Lene Storhaug, Noregs Ungdomslag

Comentários


bottom of page