top of page
SKT Logo_farge_edited.png

Nyheiter

Hurra, vi har fått 230 000,- frå IMDI!

  • Torunn Elise Kveen
  • 11. mai 2021
  • 1 min lesing

Oppdatert: 10. feb. 2022


HURRA! Vi har nok ein gong fått midlar til språkopplæring og inkluderingsarbeid! Har laget ditt starta opp kurs, eller har tenkt å starte opp kurs i 2021? Studieforbundet strekkjer seg etter ei rekkje overordna mål. Minst to av desse måla omhandlar inkludering, integrering og å motverke utanforskap. Det frivillige feltet har mykje å bidra med i arbeidet med å inkludere, integrere og motarbeide utanforskap. Vi kan bidra til å styrke kulturelt mangfald og auke deltaking i kulturlivet. Vi kan gjere det mogleg for menneske å påverke eigen livssituasjon, motarbeide utstøyting og bidra til inkludering.

Prosjektmidlar gjennom IMDI kan i stor grad bidra til eit godt arbeid for å strekke oss mot desse måla. Med midlane vi fekk i 2019 og 2020 lykkast vi med å få med fleire innvandrarar på ordinære kurs, og vi lykkast med å arrangere fleire spesialtilpassa kurs med innvandrarar som målgruppe og språklæring og kulturlæring som overordna mål. Studieforbundet har i tillegg før restriksjonar kom, arrangert ei fagsamling i samarbeid med VOFO Innlandet.

For 2021 jublar vi for tilsagn på 230 000kr og vi kan halde fram det gode arbeidet. Har laget ditt starta opp kurs, eller har tenkt å starte opp kurs i 2021, som inkluderer deltakarar med svake norskkunnskapar, eller er tilrettelagt for ei gruppe med svake norskkunnskapar, der av måla med kurset er inkludering og språkopplæring, ta kontakt med Studieforbundet.

Comments


bottom of page