top of page

Nyheiter

Ei gladhistorie og ei glad historie

– Om vellykka inkludering


«Dette inkluderingsprosjektet gjekk enda betre enn eg hadde håpa på», skriv produsent Helena Wik i e-post til Studieforbundet. «Og eg har reflektert over korleis dette vart så bra. Kort fortalt, trur eg det er at vi fyrst såg på menneska vi skulle ha med å gjera, kva kan dei frå før, kva er dei interesserte i. Desse ressursane ser ein da inn i mot prosjektet og kor dette kan bli ei styrke», skriv Wik.


På og bakom scenen. Foto: Petter Skar.

Produsent Helena Wik. Foto: Kristin Slotterøy, avisa Fosna-Folket


Årets spel hadde premiere 8. juli 2022, og var andre del i trilogien «Vi er Bjørnørfolket», «Drømmen om Amerika». Spelet går føre seg i Åfjord på Fosenhalvøya i Trøndelag.

Dette året hadde spelet som mål å arbeide enda meir enn tidlegare for å skape eit godt samhald mellom nye og godt etablerte Åfjordingar, å skape ein møteplass for alle, der folk får brukt ressursane sine.



På og bak scenen. Foto: Petter Skar.


Skreddar frå Syria

Ali Alkbudhiri flykta saman med familien frå Syria . Etter berre sju månader på Fosen, var han med å laga kostymane til «Drømmen om Amerika» i sommar. Spelet handlar om da det var tøffe tider i Noreg, og mange måtte utvandre til mellom anna Amerika. Nå er situasjonen snudd på hovudet, vi er dei privilegerte, og skal ta i mot menneske på flukt. Ali er frå Damaskus i Syria, og har jobba som profesjonell skreddar i over 20 år. Ali har skapt fleire av kostymane, og opplevinga ga meirsmak. «Det gjer godt å få bidra litt. Bur eg her neste år, vil eg gjerne vera med att», seier Ali.


Ali Alkbudhiri har jobba som profesjonell skreddar i over 20 år. Foto: Kristin Slotterøy, avisa Fosna-Folket.


Samarbeid med flyktningtenesta

«Samarbeidet med flyktningtenesta i Åfjord har vore godt, og alle resultat blir betre om ein tenkjer mangfald», seier regissør Helena Wik. «Målet er at folk som er med på spelet, skal bli så godt kjende at dei stoppar og slår av ein prat når dei treffest på butikken, seier Wik.



185 visninger

Siste innlegg

Se alle
bottom of page