Nyheiter

Derfor kjem bunaden dårleg ut når EU vil miljømerke klede

Oppdatert: 24. aug.

Bunaden står i fare for å hamne på lista til EU over miljø-uvennlege plagg. Korfor i all verda gjer han det?, er blant spørsmåla som vart stilt under paneldebatten "Hvor bærekraftig er nå bunaden, egentlig? under Arendalsuka.


Innan utgangen av 2024 vil EU miljømerke alle produkt som blir selde i Europa ut frå kor stort avtrykk dei har på miljøet, som ein del av det «grønne skiftet». Måten dei vurderer miljøavtrykk, gjer at ull og andre naturmateriale kjem dårlegare ut enn syntetiske fibrar. Da dette vart kjend sist haust, vakte det sterke reaksjonar mellom anna blant bunads-entusiastar.


– Slik merkeordninga ser ut til å bli i dag, vil ho kraftig favorisere syntetiske materiale og stemple naturmateriale som dårlege for miljøet. Dette vil ytterlegare forskyve ein vanskelig konkurransesituasjon for naturmateriale. Dette truar både bunaden og svært mange andre gode klede. Vi treng derfor å stoppe dette, og bunaden er jo et fantastisk eksempel på berekraftige klede i naturmateriale, forklarer Ingun Grimstad Klepp.


Ingun Grimstad Klepp. Foto: Kristin T. Stasviken, Studieforbundet kultur og tradisjon. Ho er etnolog og professor i klede og berekraft ved Forbruksforskingsinstituttet Sifo. I tillegg har ho eit varmt hjarte for bunader. Under paneldebatten "Hvor bærekraftig er nå bunaden, egentlig?" under Arendalsveka, forklarte ho meir om denne planlagde merkeordninga til EU og korfor måten materiala blir vurderte på, er problematisk. Debatten vart arrangert av Studieforbundet kultur og tradisjon, Noregs Ungdomslag, Norges Husflidslag, Norsk Folkedraktforum og Instituttet for Bunad og Folkedrakt.

Er den tradisjonelle bunaden verkeleg klimaskadeleg og skal han på alvor erstattast med ein bunads-kopi av polyester, laga av resirkulerte plastflasker? Korleis er vegen fram til ein slik konklusjon, og er konklusjonen riktig?, spurte vi.


Meiner vurderinga av miljøavtrykket er problematisk Klepp var ein av dei som reagerte kraftig da den førebelse konklusjonen til EU vart kjend. Ho skreiv mellom anna kronikken "EU truer bunaden" saman med kollega Tone Skårdal Tobiasson. I kronikken peika dei på manglar i metoden EU bruker for å vurdere og rangere dei forskjellige materiala på – metoden heiter Product Environmental Footprint (PEF).


– Problemet er at innanfor klede og tekstilar, så er det veldig lite å bygge på og dermed også store moglegheiter for å feile. – Feilen med PEF for klede, er at den store, globale internasjonale fast fashion-industrien, inkludert sportsbransjen, har vore dei som legg premissa for dette arbeidet. Det er deira oppdikta tal- suspekte globale gjennomsnittstal, som er basert på å plukke herifrå og derifrå og setje saman på – utidige måtar, spør du meg, som har komme opp med det resultatet som vi jobbar med i dag, seier Klepp.


Ulemper med plast blir ikkje rekna med Klepp fortel at det stort sett er berre industrien sjølv som sit og jobbar med denne rangeringa. Medan ull-industrien utgjer mindre ein 1 prosent av den globale produksjonen av tekstil, utgjer plastbasert polyester snart 70 prosent av tekstilindustrien. Altså har tunge aktørar interesse i å miljøgodkjenne produkt av polyester, og det er stor ubalanse i styrkeforholdet mellom ull- og polyester-industriane.


– Feilene med PEF for tekstil, er på to ulike nivå. Det eine er at alle ulemper med plast, sånn som mikroplast og at det ikkje kan brytast ned, til dømes, ikkje blir rekna inn som ein miljøparameter. Miljøfotavtrykket blir målt på areal. Dette er kjekt for oljefabrikkar, fordi dei tar liten plass, avtrykket blir rekna på forbruk av vatn, og så bortetter, men ikkje på dei tinga som gjer at plast kjem dårleg ut.

Ho fortel at dei konkrete tala, spesielt når det gjeld fiber i klede, i hovudsak blir henta frå ein indeks kalla The Higg Index. Denne indeksen er eigd og utvikla av den globale tekstilindustrien sjølv, med dei store selskapa, som tener veldig mykje på å grønvaske plast.

Saknar at regjeringa grip inn Saman med fleire, har ho jobba med å bekjempe The Higg Index i årevis. Ho fortel at kjeldene til indeksen ikkje er allment tilgjengelege, at han ikkje bygger på forsking, og at det er eit betalt system. Informasjonen frå denne indeksen er grunnlaget for å informere forbrukarar i EU om kva varer dei skal kjøpe for å ta omsyn til miljøet.


– Det er bukken og havresekken, og eg synest det er oppsiktsvekkande at når vi seier frå om dette, så er det ikkje større vilje, til dømes frå regjeringa, til å ta vår varsko på alvor, seier Klepp.


Forbrukartilsynet: The Higg Index bryt med marknadsføringslova

– Heldigvis er det mange andre parlamentarikarar også i EU, som har protestert, og det er ein prosess på gang. Og denne prosessen har no vorte styrkt frå norsk hald. Det er vi veldig glade for, der kor det politiske har svikta, spør du meg, så har Forbrukartilsynet tatt ei kjempeviktig avgjerd i vår, som norsk presse har unnlate å forstå betydninga av, seier Klepp.

Forbrukartilsynet har konkludert med at The Higg Index bryt med marknadsføringslova i Noreg, når han blir brukt som grunnlag for å informere forbrukarar om produkt.


– Dette er kjempeviktig fordi det er nettopp Higg Indexen som også er tenkt inn i PEF. Det vil seie at det norske forbrukartilsynet også vil underkjenne PEF, som jo er EU´s viktigaste våpen i kampen mot grønvasking, altså kampen mot grønvaskinga skal leiast av eit gedigent grønvaskingssystem, seier Klepp.

Fire bunadkledde damer i Studieforbundet kultur og tradisjon, som var med og arrangerte paneldebatt. F.v. Linda Aaboen, Torunn Elise Kveen, Kristin Teigen Stasviken og Kjærsti Evjen Gangsø. Foto: Mona Husby / NU


Korleis dette vil få betydning for bunaden Klepp fortel at EUs tekstilstrategi ikkje inneheld eit einaste ord om kultur og tradisjon, ikkje eitt einaste ord om urfolk eller nasjonale drakter eller tradisjonar eller lokal produksjon. Samtidig åtvarar ho om konsekvensane det kan få om alle naturmateriala blir merkte som dårlegare enn plast miljømessig. Om ferdige bunader blir merkte på same vis som til dømes kvitevarer er merkte i dag.


­– Bunaden har vore veldig viktig for å halde oppe tekstilindustrien i Noreg. Når spinneri spinn ulltråd til ullbroderi, så må det vere ein marknad for det, og det må òg vere ein økonomi i det. Det å ha eit kjempedyrt produkt, er ein ulempe. Det å ha eit kjempedyrt produkt som samtidig blir stempla som det verste miljømessig, det er for mykje, meiner ho.

Ho trur vi kan vente oss at forbrukarane i Europa og EØS og elles, kjem til å følge merkinga, og å tru på det dei les.


– Det vil ha katastrofale følger for heile verdikjeda som fører fram til bunaden. Vi treng spinneri, veveri og økonomi i den næringa som skal produsere desse antrekka på ein marknad. Dette gjeld alle klede med djupe tradisjonar i alle naturmateriala. Det gjeld både kleda til urfolk, ullgenserane våre, lodenfrakkane, losjakkane, alt. Det hadde ikkje vore heilt det same om dei hadde vore laga av plast, legg ho til. Ho meiner systemet PEF vil bidra til å undergrave tilliten til system og til miljøarbeid, og ønsker at norske myndigheiter seier tydeleg frå til EU om at arbeidet med PEF må stoppast, og planleggast og gjennomførast på ein måte som tar omsyn til den kunnskapen vi har og til vanlege demokratiske prosessar, og der industrien sjølv ikkje kan setje premissa åleine for kva som er grønt og raudt i tida som kjem.

Frå paneldebatten. F.v. debattleiar Andres Lopez A frå Vofo Innlandet, hovudinnleiar Ingun Grimstad Klepp, Siv Elin Ånestad frå Fremtiden i våre hender, Margrethe Haarr (Sp) og Jan Kløvstad frå Folkeakademiet og Venstre. Camilla Rossing frå Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt og Jon Tølløfsrud Ulberg fra Husfliden Lillehammer, var òg med i panelet. Foto: Mona Husby / NU


Må redusere produksjonen – Verda er alt for full av klede Vi er nøydde til å drastisk redusere mengda klede som blir produsert. Det er den raskast moglege måten å redusere miljøbelastninga på. For å få til det, må kvart enkelt plagg bety meir for oss og ha høgare verdi. Her meiner eg at bunaden er eit godt døme. Mellom anna at han ikkje blir produsert før han har ein framtidig eigar som ser fram til at han skal bli ferdigsydd. Det er eit veldig viktig prinsipp, og mange fleire klede burde vore produsert på denne måten, seier ho. – I tillegg burde tekstil vore ein del av diskusjonen om plast, meiner ho, og brukar seminara på Arendalsuka som eit døme på at tekstilindustrien fell utanfor plast-diskusjonen. Eg har vore på mange plastseminar i dag, og tekstil er ofte berre med når det er snakk om mikroplast, akkurat som det ikkje er plast før det blir mikroplast. Plastdelen er delen av tekstil som veks raskast og som er ute av kontroll.

Foto: Kristin Teigen Stasviken, Studieforbundet kultur og tradisjon

Med på paneldebatten var regionkonsulent Vofo Innlandet, Andres Lopez A, som debattleiar, Ingunn Grimstad Klepp, etnolog og tilsett som professor i klede og berekraft ved Forbruksforskningsinstituttet Sifo, Siv Elin Ånestad fra Fremtiden i våre hender, Margrethe Haarr (Sp), Jan Kløvstad frå Folkeakademiet og Venstre, Camilla Rossing frå Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt og Jon Tølløfsrud Ulberg fra Husfliden Lillehammer.


Sjå paneldebatten her


Tekst: Beate Haugtrø, Noregs Ungdomslag

402 visninger

Siste innlegg

Se alle