top of page

Nyheiter

Bunadtilverkarfaget er tilbake på lista over verneverdige tradisjonshandverk

Oppdatert: 10. feb. 2022

Det gler oss som arbeider med å fremje bunadsbruk, bunadtilverking og tradisjonshandverk å sjå at mellom anna bunadstilverkarfaget er tilbake på lista over verneverdige tradisjonshandverk i vidaregåande opplæring. Foto: Frå fagdagane i bunad på Fagernes 2018.

Ein bunadtilverkar er ein person som arbeidar med å utarbeide mønstre, brodere, montere og tilpasse bunadar. Til arbeidet høyrer også omsøm og reparasjon av bunadar med i tillegg til veving, strikking og tvinning av band. Ein bunadtilverkar syr både for hand og på symaskin. For å ivareta bunadsskikken og ulike søm-, og broderiteknikkar som immateriell kulturarv, er det viktig at ein utdannar bunadtilverkarar i Noreg.



Fag som står på lista over verneverdige tradisjonshandverk (tidlegare små verneverdige fag), kvalifiserer til ekstra fylkeskommunale tilskot. Det betyr at dei bedriftene som tek inn lærlingar i desse faga, får eit ekstra tilskot frå Utdanningsdirektoratet per lærling i tillegg til basistilskotet. Det er særs viktig for ivaretaking av fag, for rekruttering og ikkje minst for tilrettelegging for lærlingplassar at dette ekstratilskotet finst. Det gler oss også at regjeringa ønskjer å forsterke yrkesfaga og styrke samarbeidet mellom skule og arbeidsplass gjennom det såkalla yrkesfagløftet og lærlingløftet.

Eitt av kriteria til fag som kan stå på lista over verneverdige tradisjonshandverk var tidlegare at faget måtte ha færre enn 15 nye lærlingkontraktar over ei treårsperiode. Dette kriteriet hadde som følgje at enkelte fag, bunadtilverkarfaget inkludert, blei teke vekk frå lista noko tid tilbake.

I 2018 vedtok Kunnskapsdepartementet at fag som overskrid 15 nye kontraktar likevel ikkje skal takast vekk frå lista over verneverdige tradisjonshandverk, noko som betyr at bunadtilverkarfaget saman med trebåtbyggjarfaget, smedfaget og hovslagarfaget vart teke inn igjen på lista frå og med 1.januar 2019. Dette kom som ein svært gledeleg nyheit for oss, og vi takkar departementet for vurderinga dei har gjort.

Dei nye kriteria til kva fag som skal stå på lista har ein klar samanheng med tilrådinga i rapporten frå yrkesfagleg utval for immateriell kulturarv og verneverdige fag, Lenge leve tradisjonshandverket! (Utdanningsdirektoratet 2016). I mandatet til utvalet var å vurdere dagens kriterium for om eit fag er verneverdig og ved behov foreslå endringar. Utvalet si tilråding til nye kriterium var å fjerne kravet om 15 kontraktar og heller fokusere på viktigheita av faget som felles kulturarv og ivaretaking av tradisjonelle handverksfaglege teknikkar, materiale, metodar og bruksmåtar for verktøy.

Vi er takksame for at Kunnskapsdepartementet ser seg einige i tilrådingane frå utvalet. Gjennom å fjerne kriteriet for tal nye lærlingekontraktar er departementet med på å sikre vår felles kulturarv og dei verneverdige tradisjonshandverka.


Noregs Ungdomslag

Norges Husflidslag

Studieforbundet Kultur og Tradisjon

Norsk institutt for bunad og folkedrakt

Staslig håndverk og tradisjon


13 visninger

Siste innlegg

Se alle
bottom of page