top of page
SKT Logo_farge_edited.png

Nyheiter

Åpent for alle – eit spennande inkluderingsprosjekt

  • torunn92
  • 16. mars 2023
  • 1 min lesing

Inkluderings og mangfoldsdirektoratet (IMDI) har skrive om det spennande prosjektet vårt Åpent for alle.


Kurs i lokale lag og foreiningar er ein god måte å bli kjent i eit lokalsamfunn. Gjennom å motivere lokallaga i medlemsorganisasjonane våre til å halde planlagte, inkluderande kurs, vil vi skape møteplassar for nettverk, fellesskap og språktrening. Kursa kan vera i den aktiviteten laget elles driv med, men skal tilpassast deltakaren med mindre norskferdigheiter og kunnskap om det norske samfunnet.


Kurs i lokallaga skal vere eit felleskap å vere del av, tilbod om eit nettverk å høyre til og gje relevant språktrening. Vi ønskjer at alle kursa som blir arrangert skal bli enda meir opne og inkluderande. Vi kan hjelpe dykk med dette.

Ta ein titt inn på IMDIS sider og les om prosjektet vårt og sjå filmen dei har laga!


Foto: IMDI


Om prosjektet på våre nettsider kan de og lese her.



Foto: IMDI

 
 
 

Comments


bottom of page