Personvernerklæring

Personvernerklæringa gjer greie for Studieforbundet kultur og tradisjon si handtering av personopplysingar som blir samla inn for å kunne utøve våre tenester til personar vi arbeider med. Dagleg leiar i organisasjonen er den som er ansvarleg for behandlinga om ikkje oppgåva er delegert. Førespurnad om innsyn, retting eller sletting av personalopplysningar kan gjerast ved å ta kontakt med Studieforbundet sitt kontor.

Du kan lese heile og laste ned ved å trykke på denne lenka
Påmelding på kurs og arrangement

 

Det er mogleg å melde seg på kurs via nettsida vår. Knytt til dette samlar vi informasjon som namn og kontaktopplysningar, i tillegg til allergiar og behov for tilrettelegging. Desse opplysningane blir ikkje brukt til andre formål enn å administrere arrangementa, statistikk og tilskot. Vi innhentar eigne samtykke for å kartlegge interesser og ønskje om å ta i mot invitasjon til nye arrangement.

Utlevering av personopplysningar til tredjepart

Studieforbundet utleverer ikkje personopplysningar til andre, med mindre det føreligg lovbestemt opplysningsplikt til offentlege myndigheiter.

Sende informasjon til tidlegare deltakarar på kurs/arrangement

 

Studieforbundet kultur og tradisjon innhentar eige samtykke før vi sendar informasjon og invitasjon til andre arrangement hjå oss. Dette skjer ved påmelding til kurset/arrangementet. Opplysningane blir lagra og blir ikkje brukt til annan informasjon, eller delt med tredjepart.

E-post

Du kan sende e-post til oss, men hugs at alle verksemder er sårbare for datatjuveri. Du bør difor ikkje sende sensitivt innhald per e-post. Om vi tek imot ein slik e-post, handsamar vi e-posten i samsvar med innhald og sletter han med ein gong.

Bruk av informasjonskapslar (cookies)

Heimesida til Studieforbundet, www.kulturogtradisjon.no, brukar informasjonskapslar for å samle informasjon om korleis besøkande nyttar nettsida. Studieforbundet brukar denne informasjonen for å lage rapportar for å betre nettsida. Informasjonskapslane inneheld ikkje personopplysningar. Dei seier noko om talet på besøkande på nettsida, kvar dei kjem frå og kva sider dei besøker. Du kan sjølv forhindre at informasjonskapslar blir lagra på datamaskina di ved å endre innstillinga i nettlesaren.

 

Personvern ved påmelding på kurs og arrangement

 

Personvern

Studieforbundet har kursstatistikk på nettsida. Der vil kurslærar etter kvart bli offentleggjort med namn. Vi brukar dette som ein kompetansebank over kurslærarar innanfor ulike tema og teknikkar.

Sende informasjon til tidlegare deltakarar på kurs/arrangement

Studieforbundet kultur og tradisjon innhentar eige samtykke før vi sendar informasjon og invitasjon til andre arrangement hjå oss. Dette skjer ved påmelding til kurset/arrangementet. Opplysningane blir lagra og blir ikkje brukt til annan informasjon, eller delt med tredjepart.

Les heile personvernerklæringa vår her: 

Personvern i Studieforbundet kultur og tradisjon

Wix

 

Nettsida vår er laga på Wix.com-plattforma, som syrgjer for at nettsida er publisert på ei elektronisk plattform. Dataene dine kan lagrast gjennom Wix.com si datalagring, databasear og dei generelle Wix.com-applikasjonane. Dei lagrar dataene dine på sikre sørvarar bak ein brannmur. 

Ønskjer du å lese meir om Wix sine personvernretningsliner, følg linken.