Scenerom- kurs i regi og teaterproduksjon
For dei som er aktiv i et amatørteaterlag, instruerer i amatørteater, eller bare vil lære mer om å bli eller utvikle deg som teaterinstruktør eller produsent i det frivillige amatørteaterfeltet.
Bannerbilde: Joans Rydèn
Scenerom er ei kursrekkje i regi og teaterproduksjon som er utvikla i samarbeid mellom Frilynt Norge, Noregs Ungdomslag, Norsk Amatørteaterforbund og Studieforbundet kultur og tradisjon. Kursrekkja har 4 modular som gjev ei brei innføring og analytisk kunnskap om regi og teaterproduksjon. Kursrekkja skal vera ei kompetanseheving med høgt fagleg nivå og ei analytisk tilnærming for instruktørar innan amatørteaterfeltet. Kursrekkja har meir fagleg tyngde enn opplæringa organisasjonane allereie har i medlemslaga.
Vi ønskjer å engasjere unge og vaksne som treng fagleg påfyll for å instruere og produsere i si lokale teatergruppe. Kursrekkja vil gjera deg rusta til oppgåver som regiassistent, eller å kunne sette opp ein enkel produksjon i det frivillige kulturliv. Kursrekkja passar og godt for pedagogar i skule, kulturskule og barnehage.
Kursrekkja er helgebasert, og er ei blanding av praktisk arbeid på golvet, individuelt arbeid, plenumsdiskusjonar, teoriundervisning, individuell rettleiing, undervising i grupper og kunstneriske opplevingar. Modul 1 og 2 har fokus på instruktøren, og modul 3 og 4 har fokus på produsentrolla.