top of page
SKT Logo_farge_edited.png

Vevopplæringa

For dei som ynskjer å lære meir om handveving

Om kurset

Kursrekkja består av seks modular (frå 2022). Til saman skal dette gje deltakarane ei brei innføring i handvevarfaget. Det er mogleg å ta heile kursrekkja, eller berre enkeltmodular. Modulane er lagt opp etter vanskegrad, med tilrådd rekkjefølgje. Dess lenger ut i kursrekkja du kjem, dess meir forkunnskap vil kursa kreve. Vevopplæringa og er ope for alle som ønskjer å lære meir om veving, enten som grunnlag for fritidsinteresse eller næring.

Vevopplæringa er eit samarbeid mellom Norges Husflidslag og Studieforbundet.

Modulrekkene

Kursrekka består av seks modular (frå 2022). Til saman skal dette gje deltakarane ei brei innføring i handvevarfaget. Ved å fullføre heile kursrekkja vil du få teoretisk og praktisk innføring i kompetansemåla i læreplanen for handvevarfaget vg3.

 

Det er mogleg å ta heile kursrekkja, eller berre enkeltmodular. Modulane er lagt opp etter vanskegrad, med tilrådd rekkjefølgje. Dess lenger ut i kursrekkja du kjem, dess meir forkunnskap vil kursa kreve.

Oversikt over pågåande og planlagte modular

Praktisk om kurs

Vi vekslar mellom ulike kurslærarar. I løpet av kursrekkja inviterer vi også inn utvalde gjestelærarar.

Kursrekkja rettar seg spesielt mot dei som ønskjer å ta sveinebrev i handvevarfaget, men er open også for dei som vil lære meir om faget. Kursrekkja bygger på kompetansemåla i læreplanen for handvevarfaget VG 3 opplæring i bedrift.

 

Praktisk om kurset og kursavvikling

Vegen til sveinebrev

Handvevarfaget skal bidra til å ivareta og vidareføre handvevartradisjonar. Handvevaren utviklar og vever interiørtekstiler og stoffer til klede, dekorasjonar og utsmykninger. Handvevarfaget skal dekke samfunnets behov for produksjon av vevde tekstiler og utvikling av nye vevprodukt.


Opplæringa skal legge vekt på praktisk arbeid med klede, interiør, rekonstruksjon og utsmykning. Opplæringa skal bidra til å utvikle veveferdigheter og stimulere til estetisk bevissthet og kritisk refleksjon. Opplæringa skal bidra til erfaring med bruk av ulike materiale, teknikkar, verktøy og maskiner i handvevarfaget. Opplæringa skal vidare bidra til å utvikle forståing for forhold mellom design, marknad og produksjon av handvevde produkt og tenester. Vidare skal opplæringa bidra til å utvikle evne og ferdighet innan kommunikasjon og formidling samt bidra til bruk av informasjonsteknologi. (www.utdanning.no)

Om vegen til sveinebrev

Vegen til sveinebrev
Image by Bea Marciniak

Påmelding Vevopplæringa

Takk for innsendinga di!

Påmelding
bottom of page