Trebåtbyggjar

Trebåtbyggjar er ei kursrekkje som legg vekt på praktisk arbeid med materialar, verktøy og teknikkar. 

Råseilseminar 2021, Foto: Torunn Elise Kveen

Bannerbilde: Torunn Elise Kveen

Om kurset

Opplæringa skal bidra til å verne om det tradisjonelle handverket og legge grunnlag for innsikt i og forståing for det særeigne ved materialbruken til trebåtbyggjaren. Kursrekkja er bygd opp kring ulike tema og fordelt på sju kurs. Kursa er lagt opp etter vanskegrad med anbefalt rekkjefølgje, dess lengre ut i rekkja du kjem, dess større krav til forkunnskap. Det er ingen opptakskrav for å delta, men for å få utbytte av opplæringa, bør ein ha erfaring med trearbeid. Kursa bygger på kompetansemåla i læreplan Vg3 trebåtbyggjarfaget/opplæring i bedrift. Kursa blir haldne på tre ulike stader; Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund, Museet Kystens Arv i Stadsbygd og Risør Trebåtbyggeri i Risør.

Kursrekkja er eit samarbeid mellom Studieforbundet kultur og tradisjon og Forbundet KYSTEN

Informasjon

Brosjyre Trebåtbyggjar
Kursavgift 

er kr. 4500,- per modul. I tillegg kjem utgifter til kost og losji.

Kost og losji:

 

Museet Kystens Arv Naustloftet. Overnattingsmoglegheiter i nærleiken av kursområdet på Naustloftet – Enkel standard. Felles rom og felles sanitæranlegg, kr. 300,- med sengetøy og kr. 150,- utan. Matservering i kafeen på Kystmuseet, elles tilgang på kjøken på Naustloftet og moglegheiter for å ordne seg med mat sjølv.

Risør Trebåtbyggeri Risør pensjonat.

I nærleiken av kursområdet.

Enkeltrom kr. 600,- per natt.
Dobbeltrom kr. 800,- per natt.

Trippelrom kr. 1050,- per natt (Frokost og sengetøy er inkludert).

Tilgang på kjøken og moglegheiter for å ordne seg med mat sjølv.

Deltakarane tek med:

Personleg verneutstyr, motorsag, handverkty.

Undervisningsstad

vil veksle mellom tre kursstadar i Sør- Norge. Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund, Museet Kystens Arv i Stadsbygd og Risør Trebåtbyggeri i Risør.

Undervisingstid:

kl. 09.00 – 18.30.

Siste dag blir avslutta kl. 13.00.

Lengde på kurset:

Heile løpet går over tre år med med to modular i året på fem dagar kvar, vår og haust.

Kven passar kurset for?

Kursrekkja rettar seg spesielt mot dei som ønskjer å ta sveinebrev som trebåtbyggjar, men er open og for dei som vil lære meir om faget. Kursrekkja bygger på kompetansemåla i læreplanen for trebåtbyggerfaget Vg 3 opplæring i bedrift.

Kurslærarar:

Vi vekslar mellom ulike kurslærarar.

Arbeidsform:

Praktisk arbeid, individuelt arbeid og arbeid i grupper, plenumsdiskusjonar, stutte økter med teoriundervisning og individuell rettleiing og undervisning i grupper.

 

Modulane i Trebåtbyggjar

Modul 1  Rothogst, Stell og vedlikehald av verkty. Museet Kystens Arv, 7. – 11. september 2020
Modul 2  Klinkbygging. Museet Kystens Arv, 4. - 8. oktober 2021
Modul 3  Spantoppslag. Hardanger Fartøyvernsenter, 21.-25. mars
Modul 4  Bjelkelag og dekk. Hardanger fartøyvernsenter, 30.mai – 3. juni 2022
Modul 5  Utstikking av hudplank og tetting av skrog. Risør

                 Trebåtbyggeri, 26. – 30. september 2022
Modul 6  Festemiddel og limteknikkar. Risør Trebåtbyggeri, 6. – 10. mars 2023
Modul 7  Motormontering i trebåt. Risør Trebåtbyggeri, 25. – 29.september 2023

Ønskjer du å lese meir om kva den enkelte modul inneheld, ta ein titt på Modulplanen for Trebåtbyggjar

Det kan kome endringar eller tillegg.

Ved å fullføre heile kursrekkja, vil du få teoretisk og praktisk innføring i kompetansemåla i læreplanen for Trebåtbyggerfaget Vg3.

 
DSC_0572.JPG

Trebåtbyggjar og vegen til sveinebrev

Trebåtbyggjarfaget har lange tradisjonar og skal verke som kulturberar ved å ta vare på, utvikle og fornye eit tradisjonsrikt handverk. Trebåtbyggjarfaget skal vere med på å sikre berekraftige kystsamfunn og verne kystkulturen ved at trebåtbyggjaren lagar, held ved like, reparerer og restaurerer trebåtar. Faget er ein del av eit maritimt miljø, lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Opplæringa skal leggje vekt på praktisk arbeid med materialar, verkty og teknikkar, samt på utvikling av handverksferdigheiter. Opplæringa skal medverke til å verne om det tradisjonelle handverket og leggje grunnlag for innsikt i og forståing for det særeigne ved materialbruken til trebåtbyggjaren. Opplæringa skal også stimulere til formgjeving og inspirere til idéutvikling, kreativ utnytting av materialar og konstruksjon og bruk av framtidsretta utstyr. 

(www.utdanning.no)

Vegen til sveinebrev

Alternativ 1

Om du vil gå den formelle vegen, så er løpet fireårig, to år er opplæring i bedrift.

Vidaregåande skule:

  • Vg 1: Design og håndverk

  • Vg 2: Båtbyggerfag

  • To års opplæring i bedrift: Trebåtbyggjarfaget
     

Fullført løp fører til sveinebrev. Ved å gå dette løpet har du også krav på rettleiing, og hjelp i høve til lærlingplass. Dette kan du undersøke nærare ved å ta kontakt med fagopplæringskontoret i ditt fylke.

DSC_0566.JPG
Sjå meir
Alternativ 2

Praksiskandidatar er vaksne som har minst 25 % lengre praksistid i eit lærefag enn den fastsette læretida i faget. Praksisen må vera:

  • Allsidig og dokumentert og etter ei samla vurdering dekke dei mest vesentlege delane av innhaldet i læreplanen for Vg3 / opplæring i bedrift i lærefaget

  • Godkjent av fylkeskommunen før fag- eller sveineprøven kan avleggjast

DSC_0541.JPG
Sjå meir

For å gå opp som praksiskandidat i trebåtbygging må du dokumentere 5 års godkjent praksis i faget i100% stilling. Praksisen må vera godkjent av fagopplæringskontoret i fylket ditt før du kan gå opp til sveineprøva. Du kan få fråtrekk for kurs du har delteke på, og kursrekkja i trebåtbygging skal kunne inngå som grunnlag. Du treng ikkje fellesfaga matematikk, engelsk, naturfag, norsk og samfunnsfag for å gå opp som praksiskandidat, men før du går opp til sveineprøva må du bestå ein skriftleg eksamen i teoretiske læreplanmål i faget. Dette er ein skriftleg eksamen på 5 timar, og den blir arrangert to gonger i året (som regel fyrste veka i desember og fyrste veka i juni). Den som ønskjer å ta eksamen, må melde seg opp som privatist ved ein vidaregåande skule.

Korleis søkje læreplass? Som praksiskandidat må du sjølv skaffe deg lærekontrakt. Lærekontrakt må teiknast med ei godkjend lærebedrift, og den må godkjennast av fagopplæringskontoret. Bedrifta har ansvar for å innhente denne godkjenninga. Du kan bli lærling uansett alder og når som helst på året. 

Læreplan Vg3 trebåtbyggjarfaget/opplæring i bedrift

Nyttige nettsider:
Opplæringskontoret for små handverksfag www.smafag.no
Kulturringen www.mia.no/kulturringen
Norsk håndveksinstitutt www.handverksinstituttet.no
Vilbli, Fylkene si informasjonsteneste for søkjarar til vidaregåande opplæring www.vilbli.no
Nasjonal nettportal for informasjon om utdanning og yrke www.utdanning.no

 
DSC_0580.JPG

Påmelding trebåtbyggjar

Takk for innsendinga di!