top of page

Nyheiter

To nye studietilbod på Handverksskolen på Hjerleid

Oppdatert: 10. feb. 2022

Hjerleid - ”treskjæringens Mekka” og landets eldste skule for handverk og husflid. Handversskolen på Hjerleid er framoverlent og nytenkjande, ligg ikkje på latsida og tilbyr frå skulestart 2019 og 2020 to nye liner.



Landets eldste skule for handverk og husflid

Det har vore skule på Hjerleid på Dovre sidan 1886. Slik er Hjerleid landets eldste skule for handverk og husflid. Skulen har ei lang historie og ønskjer å bære denne vidare inn i framtida. For at kulturarven og tradisjonane skal leve vidare og vidareutviklast, må nye generasjonar få opplæring i desse. På Hjerleid blir handverkstradisjonane halde i hevd, samtidig er skulen bevisst på at handverket må vidareutviklast for å tilpasse seg samtid og framtid.



VG2 Overflateteknikk

Frå hausten 2019 tilbyr Handverksskolen VG2 Overflateteknikk som nytt tilbod. Her vil elevane lære om og arbeide med tradisjonelle malingstypar, og stilartar, og lære om både innandørs og utandørs maling. Elevane vil få erfare å lage eigen maling ut frå pigment, linolje og andre bindemiddel, limfargar, komposisjonsmaling, fargelære, stilhistorie, dekorasjonsmaling m.m. Etter læretid er det arbeidsoppgåver i kulturminnevernet, museum, men og hjå private eigarar.



VG2 Tekstilhandverk

Frå august 2020 tilbyr Handverksskolen enda ei ny line, VG2 Tekstilhandverk. Dette er eit landsdekkande skuleår, som også vaksne kan søke på. På Tekstilhandverk får du 10 månader med opplæring i kunnskap som våre formødrer hadde, men som mange nå aldri har fått lære. Dette inneber å spinne, karde ull, plantefarge garn, veve med lin, brodere, strikke, garve skinn med meir. Høyrest dette spennande ut? Da er det smart å allereie nå søke VG1 Design og handverk, så kan du søke vg2 Design og tekstil i 2020!. Kontakt Hjerleid for meir informasjon, post@hjerleid.no Eller ta ein titt på nettsida deira



Bilete: Bygg og bevar og Studieforbundet kultur og tradisjon


Filmsnuttar frå Hjerleid

Via lenkene kan de sjå små filmsnuttar frå Hjerleid som skildrar litt av det dei jobbar med og lærer på smed, byggfag og treskjering:


VG2 Smed

Johannes Grøstad Barstad er elev på VG2 Smed. Johannes har reist heile vegen frå Telemark, med kjerring og to ungar, for å gå eit år på Hjerleid. Utan det kreative hadde det vorte tungt å jobbe, meiner Johannes, som sjølv kjem frå ein kunstnarfamilie. Sjå filmen


Johannes og Ask går på VG2 Smed på Hjerleid. På filmen viser dei oss korleis dei smir ein frakkeknagg. Frakkeknaggen er slik konstruert at frakken ikkje får merke etter oppheng på nakken. Dei to snakkar og om kva som fengslar dei ved akkurat smiing. Sjå filmen


VG2 Desing og trearbeid

Miriam Morinoko er elev på VG2 Design og trearbeid. Miriam vil bli møbelsnekkar, og har ein draum om lærlingeplass på Voss. Der vil ho gjerne kombinere læretida med klatring og friluftsliv. Miriam går møbelsnekkar mellom anna fordi ho lenge har ynskt seg å lære noko skikkeleg - over tid. Ein sms til skulen, var alt so skulle til, og Hjerleid tilpassa undervisninga slik at Miriam fekk ha vekt på møbelsnekring, meir enn treskjering. Sjå filmen


Thomas Benedek er elev på VG2 Design og trearbeid. Thomas er allereie utdanna tømrer – ein kjekk kompetanse å ha i botn for treskjering og møbelsnekring. Året på Hjerleid vil komplettere kompetansen hans og gje han eit breitt fundament innan trebyggeri. Han ynskjer seg gjerne lærlingeplass heime i Stavanger. Sjå filmen


VG2 Byggfag

Hans Avdem er elev på VG2 Byggfag. Han er agronomutdanna og syslar med tankar om å kanskje ta over garden heime på Lesja. På garden er det mange gamle, lafta hus. Hans føler eit ansvar for å ta vare på desse husa på ein god måte. Det lærer han på Byggfag på Hjerleid. Her syner Hans oss korleis vi tæljer tømmer - ein metode som er kjekk dersom ein til dømes skal kle tømmeret. Sjå filmen


Øyvind Steine er elev på VG2 Byggfag på Hjerleid. Han er, trass sin unge alder, ram til å lafte. I videoen syner han oss korleis effektivt lage ei kinning. Øyvind er berre 18 år, kjem frå Osloområdet, og er ikkje oppvaksen med lafting og restaurering nokon særleg grad. Han er derimot inspirert og oppmuntra av onkelen sin, som er møbelsnekkar, til å gå på Hjerleid. Sjå filmen


Hans Avdem er elev på VG2 Byggfag.

Han er agronomutdanna og syslar med tankar om å kanskje ta over garden heime på Lesja. På garden er det mange gamle, lafta hus. Hans føler eit ansvar for å ta vare på desse husa på ein god måte. Det lærer han på Byggfag på Hjerleid. Sjå filmen



10 visninger

Siste innlegg

Se alle
bottom of page