Det Islamske Forbundet, RABITA og Internasjonal folkedans i Norden, IFIN er våre to nye medlemsorganisasjonar, gjeldande frå 16.2.2023. Studieforbundet ynskjer dei hjarteleg velkomne.
Det Islamske Forbundet, RABITA
Rabita er ein samlingstad og eit senter for muslimar, uavhengig av etnisk eller kulturell tilhøyrsle. Det Islamske Forbundet er godkjent som trus- og livssynssamfunn i Norge. Dei driv med fleire aktivitetar, av dei læring og diskusjon, og tilbyr undervising og kurs, seminar og konferansar. Seminara og kursa inneheld ulike aktuelle og dagsaktuelle tema og dei mest populære er innan kalligrafi, der deltakarane og får tilbod om å spikke sine eigne kalligrafipennar. Arabisk kalligrafi er utvikla og praktisert i meir enn tusen år og har ei særstilling innan islamsk kunst. Rabita sin visjon er openheit, kunnskap og fellesskap.
Kurs i arabisk kalligrafi. Foto: Rabita sine nettsider.
Internasjonal folkedans i Norden, IFIN
Internasjonal folkedans i Norden , IFIN er ein ideell paraplyorganisasjon for danseklubbar, orkestre og kor som alle har felles interesse for internasjonal folkedans og musikk, fortrinnsvis frå balkanområdet.
IFIN har som oppgåve å vere bindeledd mellom medlemmane. Faste arrangement er instruktørkurs, sangkurs, musikerkurs, og dansekurs med ulike instruktørar.
Internasjonal Folkedans i Norden
Vi ynskjer Det Islamske Forbundet, RABITA og Internasjonal folkedans i Norden, IFIN, hjarteleg velkomne med sine kurs og sitt engasjement i Studieforbundet!
Comments