top of page

Nyheiter

Studieforbundet på Arendalsuka

Studieforbundet samarbeider om fleire spennande arrangement på Arendalsuka også i år.


Allereie måndag klokka 16.30 er vi medarrangør til seminaret "Den usynlige kompetansen — Hva er det? Læring i frivilligheten".

Korleis skal vi få til synleggjering av individet si heilheitlege kompetanse. Den kompetansen som blir bygd i det frivillige og overføringsverdi til arbeidslivet er ofte skjult for samfunnet.

Korleis kan arbeidslivet anerkjenne og ta i bruk denne kompetansen når dei ikkje kjenner til han og veit kor dei skal finne han og det ikkje er noko dokumentasjonssystem? Hit kjem mellom andre Jorodd Asphjell, stortingsrepresentant, Arbeiderpartiet og Gro Svennebye, Administrerende direktør i Blåkors arbeidslivskompetanse, Blå Kors Arbeidskompetanse, i tillegg til dyktige folk frå eigne rekkjer. For meir informasjon


Tysdag kl 14.30 er vi medarrangør på seminaret "Kommunar for levande lokalkultur".

Kvar dag skapar lag og organisasjonar levande lokalmiljø gjennom aktivitetane sine. Ingen politikar kan vedta eit levande kulturmiljø, men kva gjer det lettare for dei som brukar fritida si på å skape kulturaktivitet for seg sjølv og andre? Er Regjeringa på rett veg med strategien sin for det frivillige kulturfeltet? Her deltek Grunde Almeland, leiar i Familie- og kulturkomiteen, Venstre, Even Aleksander Hagen, statssekretær i Kulturdepartementet, Arbeiderpartiet, Kjell Erik Ullman Øie, styreleiar i Frivillighet Norge, Torgeir F. Fiane, leiar i Aust-Agder Ungdomslag, Anette Solli, fylkesrådskandidat i Akershus, Høgre og Erik Fløystad, 1. kandidat Arendal, Senterpartiet. Meir om seminaret her


Klokka 16.00 tysdag skal dagleg leiar Kjærsti Gangsø vera i panelet i seminaret "Kan den nasjonale strategien for kulturfrivillighet gjøre en forskjell lokalt?"

I april lanserte Regjeringa historia sin fyrste politiske strategi for det frivillige kulturfeltet. Vil den gjera ein forskjell for dei frivillige som skapar levande kulturliv lokalt? Forutan Kjærsti Gangsø, deltek Even Aleksander Hagen, statssekretær, Per Morten Ekerhovd, kulturdirektør, Vestland fylkeskommune, Linda Sætra, kultursjef, Arendal kommune, Camilla Berg Rindahl, leiar i Vestfold kulturnettverk og Bård Jacobsen, Styreleiar i NOKU. Meir om dette:


Onsdag klokka 16.00 er vi medarrangør til "Kulturlaboratoriet — Detakelse og mangfold". Her inviterer vi til korkonsert og debatt om frivillig sektor si rolle i kulturlivet. Det frivillige kulturlivet skapar interesse og profesjonalitet. Alle store kulturpersonlegdomar i landet har starta i ein frivillig organisasjon. Korleis tek vi vare på og vidarefører dette engasjementet?

I løpet av ein dag blir det etablert eit "kræsj-kor", der koristar henta inn frå gata får som oppdrag å øve inn og gjennomføre eit stykke. Dette blir framført på slutten av dagen og vi inviterer til debatt kring frivillig sektor og skaparkrafta vi finn der. Meir om dette:

I tillegg til alt over, ser vi fram til viktige og lærerike samtalar med politikarar, bunadpop-up og lærerike seminar vi kan delta på som publikum, for læring, kompetanse og viktig nettverksbygging.

53 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Komentar


bottom of page