top of page

Nyheiter

Rudolf 13, frå smikurs til bunadsying

Oppdatert: 10. feb. 2022

Rudolf skjønte at fleire av jentene han skulle konfirmere seg saman med skulle få seg bunad til konfirmasjon. Det hadde han også lyst på. Kva anna er da å gjere enn å finne symaskin og strikkepinner og fikse det sjølv? For berre litt over eit år sidan traff vi Rudolf saman med dei vaksne på smikurs på TRE-seminaret på Hjerleid. Makan til allsidig gut!

Rudolf Sisu Sarromo på 15 år har sydd sin eigen bunad til konfirmasjon! Han har vore i sitt andre heimland Finland etter veststoff og har endatil strikka hosene sjølv. hosene, saman med nikkersen, er kanskje det han er mest nøgd med av det ferdige produktet. "Med mitt utrente øye så ser dette greit ut" seier 15-åringen beskjedent.Det neste som står for tur er å sy seg jakke.

På TRE-seminaret i 2019 trefte vi Rudolf i smia på Hjerleid, der han svinga seg og lagde spikrar og andre produkt i eit herleg læringssymbiose saman med dei vaksne. Da var Rudolf berre 13 år og var på smikurs for å lære seg teknikkar til å implementere stål i snekringa si - som er ein annan hobby Rudolf held på med. Dette vart til ein liten filmsnutt om Rudolf som vi har teke med oss og synt fram for heile verda på Verdensforum for immateriell kulturarv i Sør-Korea i 2019 i oktober 2019. Gjett om dei var imponerte! I tillegg til å vere usedvanleg hendig, snakkar Rudolf tre språk flytande - norks, finsk og engelsk. For ein fyr!



5 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page