top of page

Nyheiter

Nytenkjing og kurs på nett

Oppdatert: 10. feb. 2022

Bjørg Schultz og Vågå husflidslag kvier seg ikkje for å hive seg rundt og tenkje nytt. Dei er eit aktivt lokallag med stor kursverksemd og mange ballar i lufta. Da er det vanskeleg å plutseleg berre leggje ballen daud midt i omgangen. Bjørg har gått i bresjen og testa ut, i samarbeid med Studieforbundet, korleis det ville fungere å halde kurskveldar over nett. Det er slettes ikkje umogleg, altså.

Kvar torsdag plar Vågå husflidslag ha ope hus i lokala sine i Ullinsvin i Vågå. Det let seg ikkje gjera nå slik situasjonen er. Bjørg Schultz er ikkje den som set seg i godstolen og resignerer av den grunn. Det måtte da vera mogleg å få til å halde kurs over nett? Over eit par veker testa Bjørg ut på familie, vener og tilsette i Studieforbundet korleis det ville vera å halde hakkekurs og kurs i hosobandfletting over nettportalen Zoom. Mykje måtte testast; ljoset, kamera, lyd, framgangsmåte, kor stor gruppe eigna seg, korleis skulle ein få vist godt og forklart godt nok. Dette viste seg å fungere svært så bra, ja, det var endatil triveleg. Når det fyrst er så gale, kan det kanskje kome noko godt ut av pandemien vi nå står i. Denne kunnskapen og kompetansen vi nå opparbeider oss på dette området, kan vi ta med vidare til seinare kursavvikking, også etter pandemien. Ei slik løysing kan sågar skape lågare terskel for deltaking for enkelte som av ymse grunnar ikkje kan møte i kurslokalet.




5 visninger

Siste innlegg

Se alle
bottom of page