top of page

Nyheiter

Ny klasse i tradisjonelle byggeteknikkar på Hjerleid

Oppdatert: 10. feb. 2022

Hjerleid starta i dag opp ny klasse i tradisjonelle byggeteknikkar (lafting, taktekking, reisverk, lage handverkstøy, skog- og materiallære m.m.) Skoleåret gjev ein solig grunnmur å bygge vidare på for den som vil arbeide innan bygningsvern, tradisjonshandverk, restaurering.



"Uansett planar vidare for den enkelte elev, bidreg utdanninga til verdifull kunnskap som kan brukast i alle fasar i livet", sa styreleiar Kjærsti Gangsø under opninga. "Utdanninga bidreg til spreiing av verdifull kunnskap som er utruleg viktig for samfunnet vårt, kunnskap vi er redde vil bli borte om det ikkje finns eit slik tilbod som dette", heldt ho fram. Skulen har elevar frå heile Noreg, samt Danmark, Belgia og Sveits - eit godt utgangspunkt for eit spennande og lærerikt skuleår! Studieforbundet er stolte medeigarar av Handverskolen og det nye tilbodet.


5 visninger

Siste innlegg

Se alle
bottom of page