top of page

Nyheiter

Månadens frivillig - Sel teaterlag!

Her får du bidra og høyre til.




Denne månaden vil Studieforbundet lyfte fram akkurat dykk som månadens frivillig!


Vesle Sel teaterlag set opp eit stort spel kvart einaste år, og har gjort det dei siste 11 åra, med unntak av koronaåret 2020. Til og med i 2021 tok dei uredde sats og gjennomførte spelet, trass betydelege restriksjonar og usikkerheit omkring smittesituasjonen.


Foto: Yury Rogachev


Kristinspelet, og kjent som Kristin Lavransdatterspelet, har sidan 1999 vorte arrangert kvar sommar på middelaldergarden Jørundgard i Sel. Framsyninga baserer seg på Sigrid Undsets nobelprisvinnande verk; trilogien om Kristin Lavransdatter.


I tillegg til spelet, jobbar teaterlaget med ei oppsetting til kvart år. Dette kan for eksempel vere eigenprodusert materiale, krim eller farse. Dei set opp stykke for barn, vaksne, eller ei god blanding. Vi kan nemne; Gummi Tarzan, Skrinet – skjebner langs en skinnegang, Mord over en lav sko og Trost i taklampa. Her er altså noko for ein kvar smak og for ulike aldersgrupper.





Kristinspelet set i sving hordar av frivillige frå vesle bygda Sel og bygdene rundt, med oppgåver både på scena, bak scena, framom scena, bak symaskinene, bak instrumenta, til hesjing, billettsalg, baking og alt som skulle måtte gjerast for å få middelaldertunet til å syde og leve, både for augo, øyro og nase. Bak mykje av logistikken og engasjementet tronar prosjektleiar og eldsjel Reidun Aasgaard, år etter år.


Reidun Aasgaard i sving på ei av teaterlaga sine oppsettingar, i samspel med mellom andre Viggo Didriksen til venstre.


Sel teaterlag og Kristinspelet er med rette ein plass å bli inkludert, ein plass å vekse, ein plass å trivast, ein plass knyte band og livslange vennskap, ein plass å bli sterkare, klokare, opnare og meir komplett som menneske. Her får du bidra og høyre til, ikkje noko gjer så godt for eit menneske som det.



Om bakgrunnen til spelet, sjå kortfilmen: https://kristinspelet.no/historie/

Ein liten film sett saman til 20-årsjubileet til teaterlaget:

Nettsida til Krsitinspelet: https://kristinspelet.no/

Facebooksida til Sel teaterlag: https://www.facebook.com/Selteaterlag


Gratulerer Sel teaterlag!


Alle bilda er henta frå Sel teaterlag si facebookside


Vil du nominere din frivillig, ditt frivillige lag eller organisasjon, send ein e-post til Studieforbundet.


119 visninger

Siste innlegg

Se alle
bottom of page