top of page

Nyheiter

Malak Skreddar - Det starta med eit kurs

Oppdatert: 10. feb. 2022

Malak Alkhatib frå Syria ville gjerne ha ein jobb å gå til. Ho tok saka i eigne hender og starta som skreddar i Vågå. Det heile starta med kurset Ull på norsk gjennom Vågå Husflidslag og Studieforbundet kultur og tradisjon.


Klipp frå Avisa Norddalen


Skreddarverkstaden veks

Malak Alkhatib, betre kjent i Vågå som Malak Skreddar, har etablert si eige skreddarbedrift i bygda. Det heile starta med kurset Ull på norsk gjennom Vågå Husflidslag og Studieforbundet kultur og tradisjon. Malak kom som flyktning frå Syria til bygda Vågå for snaue fem år sidan. Som ei ivrig og livat dame, svært utadvendt og pratandes, har ho på snaue fem år greidd å lære seg godt norsk og har opparbeidd seg eit nettverk i Vågåbygda. Malak starta skreddarbedrifta si i mars, og har i løpet av berre eit halvt år skapt seg ein marknad og eit godt kundegrunnlag. Da ho starta opp skreddarbedrifta si, svara ho litt forsiktig til lokalavisa Norddalen at "Jauda, ho hadde nå tru på at det skulle vera marknad for ein skreddar i bygda". Arbeidsbenken viser flust med oppdrag, hjørnet i Renseriet i Vågå er ikkje lenger stort nok, og Malak flyttar nå inn i eigne lokale.



Malak får diplom for fullført Ull på norsk-kurs av kurslærar Bjørg Schultz.


Kurs med Husflidslaget og Studieforbundet

Malak starta hausten 2015 på eit Ull på norsk-kurs gjennom Vågå Husflidslag og Studieforbundet kultur og tradisjon. Ull på norsk er eitt av fleire kurs Studieforbundet har utvikla i samarbeid med mellom andre husflidslag, folkeakademi, mållag og teatergrupper rundt om i Noreg. Kursa har vore finansiert gjennom tilskotsordninga Kompetansepluss Frivillighet frå Vox. Med desse kursa har Studieforbundet arbeidd med å skreddarsy kurs for dei som vil lære til dømes eit handverk, samtidig som ein øver på det norske språket, innanfor fagfelt som handverk, matkultur og teater. Ull på norsk som Malak deltok på, var eitt av pilotprosjekta. På desse kursa har det også delteke mange med norsk som morsmål, både fordi dei hadde lyst til å lære handverket eller faget, men også som språkstøtte for dei som var der for å øve seg på norsk. Dette lyfta ikkje berre språklæringsutbyttet på kursa, det gav og store ringverknadar i form av nettverksbygging og utvida venskap. Plutseleg hadde ein nokon å helse på eller å slå av ein prat med på butikken.


Eitt kurs vart til mange

Malak deltok ikkje berre på Ull på norsk-kurset. Ho deltok også på eit sykurs for medlemmar i husflidslaget, og seinare på eit Søm på norsk-kurs. Har ein fyrst ein fot innanfor, er det utan tvil lettare å koma att. Studieforbundets to testkurs i Vågå, Ull på norsk med husflidslaget, og Manus på norsk med Teater HotPot, vart etterkvart til fleire kurs rundt om i Noreg. Fagområda vart utvida, og kursa vart også halde innanfor matkultur og generell kulturkunnskap. Samtlege arrangørar melder attende om tilfredse deltakarar og kurs med gode læringsprosessar, der alle partar kjenner på ei solid læringsreise og eit aukande engasjement. Ein deltakar melder attende at "Jeg har lært norsk av de norske damene og jeg har lært om forskjellige lands tradisjoner og Norges samfunn. Vi har god kontakt. Hvis jeg trenger hjelp til noe, hjelper de meg." Ein av kursdeltakarane som var med som språkstøtte, ga denne sterke attendemeldinga etter kurset: "Har sett meg sjøl som ganske fordomsfri, men dette kurset har lært meg mer enn bare grunnteknikken for et nytt og spennende håndarbeid. Jeg tror slike kurs kan være med på å skape tryggere og mer åpne kulturutvekslingsrom. Det å skulle lære samme teknikk, og senere kunne hjelpe hverandre med arbeidet - utvikle fellesspråklig plattform, er så spennende, og jeg føler jeg har utviklet meg sjøl litt mer gjennom dette. Man kan sikkert kalle dette for en liten dannelsesreise.»


Å få bidra til flokken

Malak er utdanna skreddar i Syria og funderte lenge på om denne kunnskapen var noko ho kunne bruke også her i Noreg. Det kan sjå ut som ho har funne ei nisje i Vågå, og ho er svært takksam for all hjelp og støtte ho har fått i oppstarten for å få dette til. Anita Maurseth tok i mot henne med opne armar på Renseriet i Vågå, velvillige vagverar har synt henne veg gjennom byråkrati, etablering, investeringar og anna det inneber å starte opp sitt eige. For Renseriet i Vågå har det vore ei vinn-vinnordning. Kor er det vel meir naturleg å få reparert kleda sine enn der du også kan få dei reinsa? I starten hadde ho av og til ei stille stund og kunne hjelpe til i reinseriet. Slik drog også damene nytte av kvarandre. Det vart det etter kvart slutt på. Malak fekk mykje å gjera, bedrifta veks, og nå skal ho altså inn i nye, og eigne lokale i same bygning som reinseriet, på Vågå Handelshus. Alkhatib gjer alt frå å skifte glidelås til å legge opp bukser, sy inn og ut klede som har endra fasong i skapet, og ho syr nytt. Her er det altså håp både om det du har i skapet har endra litt fasong av varmen der inne, eller om den ha mista fullstendig fasong og du treng eit heilt nytt plagg. Dette er med rette ei solskinshistorie. Kva er vel viktigare enn å få bidra i flokken – for oss alle.


Voksenopplæringsforbundet (VOFO) har laga film om kurset Ull på norsk i Vågå. Sjå og høyr dei vakre læringshistoriene her: Ull på norsk



11 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comentários


bottom of page