Nyheiter

Justering av kurstilskot for 2023


Under pandemien droppa kursverksemda, vi hadde færre kurs og moglegheit til å justere opp timetilskotet for å stimulere til aktivitet og kompensere meirkostnadar som fylgje av tilrettelegging for smitteomsyn. Når går kursmengda rett til værs, og hipp hurra for det. Det paradoksale er at vi da på eit tidspunkt må attende til striskjorte og havrelefse og ordinært kurstilskot på 98 kr timen.


Siste halvdel av 2020 hadde vi moglegheit til å justere kurstimetilskotet opp for å kompensere for tilrettelegging og smittevernomsyn. Dette nivået var vi svært tilfredse med at vi greidde å halde på også heile 2021. Når så kursaktiviteten tek seg opp att, blir det mindre på kvart kurs av ein gjeve pott med pengar. Dette gjer at vi må justere ned att til tidlegare nivå. For kurs som blir avslutta i 2023, er vi attende på kurstilskot på 98 kr per time. Kurs som allereie er søkt for med avslutning i 2023, vil få justert timetilskotet etter ny sats på 98 kr.


På den eine sida er vi heldige som har ei slik kjapp kursauke attpå pandemien at vi snart er på nivå med tida før. På den andre sida er det klart det er uheldig at kurstilskotet, som jo skal stimulere til nettopp fleire og betre kurs, verkar slik at tilskotet ut til kvar arrangør minkar i takt med auke i talet på kurs. Studieforbunda har gjennom Vofo i ei årrekkje argumentert for nettopp følgene av dette opp mot regjering og utarbeiding av statsbudsjettet.


115 visninger