Hurra for meir enn fire mill!
- torunn92
- for 5 timer siden
- 2 min lesing
Hjerleid handverksskole (som Studieforbundet er medeigarar av) og Senter for bygdekultur har sendt søknad til Fjellbanken, Sparebank 1 Lom og Skjåk om støtte til å vidareutvikle bygningane dei disponerer, samt for å etablere nye utdanningstilbod. Og vi fekk 4.150.000, – kroner!
"Vi ser på dette som eit viktig bidrag til utviklinga av lokalsamfunnet. Hjerleid spelar ei
sentral rolle i å ta vare på og formidle tradisjonshandverk, noko som styrkjer heile
regionen. Det ønskjer vi å støtte," seier banksjef Unni Strand.

(Foto: Fjellbanken, Sparebank 1 Lom og Skjåk)
Kva er Hjerleid handverksskole
Hjerleid handverksskule er ein privat skule med fokus på kulturarv og tradisjonelle handverksfag som smiing, trearbeid, saum og tekstil, tradisjonsmåling og bygghandverk.
Drifta av skulen sine bygningar blir ivareteke av Senter for bygdekultur, som eig og vedlikeheld lokala. Dette senteret er eigd av Stiftelsen Norsk Kulturarv.
Senteret disponerer i dag nær heile bygningsmassen på Hjerleid, som utgjer om lag 10 000 kvadratmeter. Nokre av bygga har vore ubrukte sidan den vidaregåande skulen i fylket avslutta verksemda si der i 2016.
Hjerleid handverksskole står for opplæringa på staden og blir driven i samarbeid mellom Studieforbundet kultur og tradisjon og Stiftelsen Norsk Kulturarv.
Kva er måla og draumen?
Gjennom søknaden til Fjellbanken ønskjer skulen og senteret å styrkje det faglege tilbodet og det handverksbaserte miljøet som er i vekst på Hjerleid. I samarbeid med ulike aktørar som opplæringskontor, NAV og kommunale næringsavdelingar, er målet å skape fleire moglegheiter for både unge og vaksne til å ta utdanning og kome i arbeid.
"Vi er takknemlege for at Fjellbanken har valt å støtte prosjektet vårt. Dette gjev oss høve
til å gjennomføre planane våre for vidare vekst og utvikling – noko som vil ha positiv
innverknad på både skulen, næringslivet og regionen som heilheit," seier Even Slette
Hansen, rektor ved Hjerleid handverksskole AS og Helle Hundevadt, dagleg leiar i Senter
for bygdekultur AS.
Unni Strand seier vidare:
"Som tidlegare uttrykt, er vi alle avhengige av tilflytting, heimflytting og bulyst for å ta
vare på – og vidareutvikle distriktet vårt. Levande lokalsamfunn er avgjerande for å
sikre framtida til bygdene våre og for å sikre framtidig kundegrunnlag for banken i
norddalen. Vi er difor glade for å kunne bidra med til saman 4.150.000, – kroner i støtte
til utvikling av Hjerleid handverksskole og Senter for bygdekultur."
Comments