top of page

Nyheiter

Hjarteleg og kongeleg bunadfest

Oppdatert: 2. mai 2023

«Det var blodig urettferdig at berre jentene fekk bunad,» sa leiar i Familie- og kulturkomiteen, Grunde Almeland som konfirmant.

«Det er imponerande korleis de har skapt entusiasme, nysgjerrigheit og stoltheit,» sa Linn Catrine Lunder frå Sparebankstiftelsen DNB.

«Nå er det berre å krysse fingrane for at bunadbruken blir anerkjent som felles kulturarv også internasjonalt. De har lagt ned ein helt fantastisk jobb med denne søknaden!", sa Rebekka Borsch, leiar i den norske UNESCO-kommisjonen.

Vi sjølve må vel beskjedent seie oss einige, og vi er litt høge på oss sjølve der vi er over middels tilfredse med arbeidet vi har gjort og med festen i går.


Kronprinsesse Mette-Marit deltok i feiringa av den norske bunadbruken og UNESCO-søknaden i Teatersalen BUL Oslo onsdag kveld. Arbeidet vart feira med godt over hundre bunadpynta, flotte menneske, med helsingstalar, betasuppe og kaffi, og, ikkje minst, dans ved Leikarringen BUL Oslo. Les om korleis det Norske kongehuset opplevde festen


Mette-Marit slår av ein prat med Leikarringen i BUL Oslo på veg ut frå festen. Med seg har ho ordførar i Oslo, Marianne Borgen (SV), generalsekretær i Noregs Ungdomslag, Magni Hjertenes Flyum, direktør i Norges Husflidslag, Marit Jacobsen og Camilla Rossing frå Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt, og prosjektleiar i nominasjonsarbeidet av den norske bunadbruken til UNESCO. Foto: Geir Dokken


Gjennom tre år har Noregs Ungdomslag, Norges Husflidslag, Norsk Folkedraktforum, Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt og Studieforbundet kultur og tradisjon arbeidd med prosjektet "Bunadbruk, populært, men truet", støtta av Sparebankstiftelsen DNB.

Prosjektet har hatt som mål å auke kunnskapen om bruk og tilverking av bunadene våre, særleg blant barn og unge. Sjølv om bunadtradisjonen i Noreg er sterk og bunad er populært, er den og trua ved at handverkskunnskapen gradvis blir svekka.


Linn Cathrine Lunder i Sparebankstiftelsen DNB heldt ei rosande helsing og gratulerte organisasjonane med nominasjonen:

Det er snart fire år sidan vi i Sparebankstiftelsen DNB med begeistring fekk høyre om planane de hadde for å nominere bunadbruken i Norge til UNESCOs representative liste over immateriell kulturarv. Dette skjedde samtidig som vi var i gang med planlegging av Håndverksløftet, ei satsing med mål å fremme statusen for handverksfaga og bevisstgjera folk på verdien av tradisjonshandverk. Det inspirerte oss at de i arbeidet fram til nominasjonen hadde eit ønskje om å jobbe i heile spennet frå å auke folk sin, inkludert barna sin, kunnskap om bunadtradisjonar, for bevaring av handverket og produksjon i Norge, sa Lunder.


Bunad handlar om identitet, fellesskap og kulturarv, om lokale variasjonar i eit større heile. Teknikk og produksjon, påkledning og bruk, kunnskap og erfaring i hender og kropp. Ambisjonane for kva de ville gjera fram til nominasjonen, trefte det stiftelsen vil bidra til på mange område. Det er imponerande korleis de har skapt entusiasme, nysgjerrigheit og stoltheit, avslutta Lunder, og ynskte oss lykke til vidare.



Vesle Kanuttes fyrste bunadfest, stolt ikledd oldemors Vest-Telemarksbunad – identitet og kulturarv! Det kan sjå ut som det gav meirsmak både for Kanutte og mamma Sina Bråten Lunde. Foto: Kristin Teigen Stasviken, Studieforbundet kultur og tradisjon.


UNESCO-nominasjonen

Gjennom dette arbeidet har det og vore ein prosess for å nominere den allmenne bunadbruken i Norge til UNESCOs liste over immateriell kulturarv. Nominasjonssøknaden er nå sendt inn til UNESCO.


Rebekka Borsch, leiar i den norske UNESCO-kommisjonen, heldt og helsing. Borsch var oppteke av kor viktig struktur rundt den immaterielle kulturarven er:


–På vegner av den norske UNESCO-kommisjonen, håpar eg at den immaterielle kulturarven her heime etter kvart får like mykje merksemd som verdsarvstadane, at vi klarar å bygge strukturar som støttar opp om det viktige arbeidet og dugnaden med å bevare, styrke og vidareføre kulturarven – og at vi hjelp dei ofte små og sårbare miljøa som held liv i den, sa Borsch.


I møte med kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen nyleg, diskuterte vi korleis norske myndigheiter kan igangsette eit arbeid rundt støtte knytt til innskrivingar under 2003-konvensjonen. Kulturministeren er svært glad for å høyre om kveldens bunadsfest og feiring av søknaden til UNESCO. Trettebergstuen stiller seg positiv til vidare dialog og igangsetting av eit arbeid for å skape berekraftige strukturar rundt den immaterielle kulturarven vår, sa Borsch.

–Så er det berre å krysse fingrane for at bunadbruken blir anerkjent som felles kulturarv også internasjonalt. De har lagt ned ein helt fantastisk jobb med denne søknaden, avslutta Borsch.




Prosjektgruppa for nominasjonen, glade, letta og lykkelege for godt utført arbeid. Nå er det berre å vente i spenning på om den Norske bunadbruken blir innskrive på UNESCOs liste over immateriell kulturarv. Frå venstre: Rita Sirirud Vatnehol frå Noregs Ungdomslag, Camilla Rossing frå Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt, Mona Husby frå Noregs Ungdomslag og Solveig Torgersen Grinder frå Norges Husflidslag. Foto: Kristin Teigen Stasviken.


Blodig urettferdig at berre jentene fekk bunad

Grunde Almeland, (V), leiar i Familie- og kulturkomiteen, er bunadentusiast og var hjarteleg tilstades på feiringa. I ei svært personleg helsing fortel Almestad:

–Eg er en bunadsentusiast og det er ei stor glede for meg som leiar for Stortingets Familie- og kulturkomite å få gratulere alle involverte med UNESCO-søknad og fullført prosjekt. Da eg skulle konfirmerast, tykte eg det var blodig urettferdig at alle jentene i klassen fekk bunadar. Foreldra mine tykte det var uaktuelt at ein 14-år gammal gut skulle få sydd ein bunad han uansett ville vekse ut av, men eg fekk overbevist dei om at når eg var 25, da skulle eg få min eigen. Dagen etter 25 minna eg mor på dette, og resultatet kan de alle sjå her i dag. Det er denne Hardangerbunaden eg ber på, sydd av ein fantastisk nabo i Øystese, Hilda Flotve.

Bunaden, dette plagget vi alle elskar, er ein utruleg viktig identitetsmarkør – eg er Harding! Men de kan og sjå at sokkane mine er frå ein Fana-bunad, fordi eg ikkje har gløymt kor familien min kjem frå. Og straks eg har fått somla meg til å sy på ein knapp til på buksa, vil de snart kunne sjå bunadskniven eg har arva frå farfars Sognebunad.»


Leiar i Familie- og kulturkomiteen, Grunde Almeland, helsar hjarteleg velkommen HKH Kronprinsesse Mette-Marit – begge i Hardangerbunadar denne kvelden. Foto: Geir Dokken


Grunde fortel vidare at det er den historia kvar enkelt bunad formidlar som fascinerer han, at vi i Norge ikkje berre har ei drakt, men 450. Kvar og ein av dei bunadane ber med seg ei historie om korleis handverkarar i generasjonar før oss har laga ting på eige hand, og klart å utnytte dei ressursane dei hadde lokalt. I dag står desse historiene i fare for å forsvinne. Det er færre bunadstilverkarar i landet enn tidligare, og ikkje alle unge får den naturlege kunnskapsoverføringa som tidlegare generasjonar har fått. Grunde rosar prosjektet «Bunadbruk – populært, men truet», og kor viktig det er for sårt tiltrengt kunnskap om bunadtradisjonen for oppveksande generasjonar.


Godt etablerte tradisjonar skapar og rom for nye

–Dersom den norske bunadsbruken får ein, etter mitt syn, svært velfortent plass på UNESCOs liste over immateriell kulturarv, vil vi kunne kjenne oss trygge på at vi klarar å bevare bunadstradisjonane våre. Og hvis vi føler oss trygge på at vi klarer å bevare tradisjonene, så vil vi kanskje også blir mindre redde for å skape rom for nye, sa Grunde Almeland.


–Ahmed Umar er ein tverrfagleg kunstnar som vaks opp i Sudan og kom til Norge som flyktning i 2008. Da han opplevde 17. mai for fyrste gong i Noreg, vart han inspirert til å gjennomføre eit kurs om broderi og vevtradisjonar i Hallingdal. Likheitene mellom rosene i hallingbunaden og tradisjonell islamistisk utsmykking, minte ham om kor mykje vi har til felles, på tvers av landegrenser, fortel Almeland vidare.


Eit gjennomgangstema i Umars kunstnerskap er identitet. I eitt av kunstprosjekta sine utforskar han korleis den norske bunadstradisjonen kan få rom for større personleggjering. Resultatet er ei drakt som kombinerer element frå den sudanesiske mahdist-drakten med element frå hallingbunaden, og gådnsaum-spesialist Borgny Feten har brodert hallingrosa på vesten. Umar bar sjølv drakta på sin eigen statsborgarskapsseremoni i Oslo rådhus.


–Klede er ein aktiv praksis av identitet, og eit språk i seg sjølv. I det norske samfunnet bør det vere takhøgde for både å preservere dei stolte bunadstradisjonane våre, og å ønskje nye identitetsmarkørar velkomne, avslutta Almeland.


Osloordføraren brukar bunaden fleire gonger i veka

Ordførar i Oslo, Marianne Borgen (SV) deltok og med helsing. Borgen er seier ho brukar bunaden sin i snitt to gonger kvar veke, og er svært oppteke av handverket og handverkaren bak plagget.


–Mange er så heldige at dei har ein bunad som har gått i arv. Slik sett er bunaden eit moderne og berekraftig plagg. Bunadar er laga for å vare i generasjonar. Det at bunad er så populært i moderne tid, handlar om ein kombinasjon av at dei er vakre, velstanden i befolkninga har auka og fleire har moglegheit til å kjøpe bunad. Den kan brukast i alle hølve og er difor berekraftig og gir rom for ombruk og gjenbruk. Bak kvar bunad finn vi stolte handverkstradisjonar. Det å ta vare på kunnskapen som ligg bak bunadplagga er utrolig viktig, og eg er glad for at mange av dykk som er her i dag, nettopp ivaretar historiene, mønstra og kompetansen knytt til heile handverket, sa Borgen.


Borgen hadde og invitert med seg HKH Kronprinsessen til feiringa denne kvelden.


På bildet: Ordførar i Oslo, Marianne Borgen (SV), ønskjer HKH Kronprinsesse Mette-Marit, velkommen til bunadfest. Foto: Geir Dokken.


946 visninger

Siste innlegg

Se alle
bottom of page