top of page

Nyheiter

Gledeleg statsbudsjett for 2024

Oppdatert: 7. okt. 2023

Regjeringa foreslår å oppretthalde tilskot til studieforbund på omtrent same nivå som i 2023, med priskompensasjon og ei lita auke.



Total ramme for studieforbunda knytt til Kultur- og likestillingsdepartementet er foreslått 191 millionar kroner(+ 5,5 pst. frå 2023). Løyvinga for 2023 var på 164, 6 millionar kroner over statsbudsjettet og 9,85 millionar kroner finansiert av spelemidlar.


Attende på statsbudsjettet

Ved delinga av studieforbunda til to departement i 2021 oppsto ein reknefeil. Denne feilen vart retta opp ved at studieforbunda under Kultur- og likestillingsdepartementet fekk ei tilleggsløyving finansiert av speleoverskotet frå Norsk Tipping AS til kulturformål fram til og med budsjettåret 2023.


– Studieforbundet er spesielt glad for at heile tilskotet nå er foreslått finansiert over statsbudsjettet. Studieforbunda er avhengige av forutsigbare rammer, dette er eit godt bidrag i den retning. Vi må seie oss tilfredse med årets forslag til statsbudsjett, der vi registrerer at tilskotet til studieforbund blir oppretthalde på same nivå som i 2023, med priskompensasjon og endatil ei lita auke. Vi registrerer og at tilskotet til Vofo blir vidareført på same nivå, med prisauke. Vofo er ein viktig samarbeidsorganisasjon for studieforbunda, seier dagleg leiar i Studieforbundet Kjærsti Gangsø.


Dagleg leiar i Studieforbundet kultur og tradisjon, Kjærsti Gangsø.


Prisjustering, men framleis eit stykke att mot målet

Prisjustering og vidareføring er i tråd med kulturfrivillighetsstrategiens gjennomgang av rammene for musikk- og kulturfrivilligheten, og eit varsla og lova løft for det lokale og regionale kulturlivet, slik at fleire får moglegheit til å delta i kulturaktivitetar over heile landet. Det er gledeleg å sjå at utfordringar studieforbunda og Vofo har meldt inn blir teke omsyn til.

Gledeleg er det og at evalueringa av delinga av studieforbunda til to departement er foreslått framskunda eitt år og gjennomført innan utgangen av 2025. Vi er på rett veg, men trass foreslått auke, er det framleis behov for eit større løft for meir berekraftig og rettferdig fordeling av tilskota til studieforbund i dei to departementa .Sidan tilskotsordninga vart delt i 2020, har Vofo bede om at tilskotet frå Kultur- og likestillingsdepartementet må trappast opp til 250 mill. kroner innan 2025.


I forslag til statsbudsjett for 2024 står:

"Regjeringen vil bidra til å sikre en finansiering som er forutsigbar og treffsikker. Bevilgningen på posten foreslås økt med 19,8 mill. kroner, hvorav 10,2 mill. kroner med bakgrunn i overføring fra spillemidlene. Bevilgningen på posten foreslås fordelt med 180,6 mill. kroner til studieforbundene og 10,4 mill. kroner til Vofo."





111 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


bottom of page