top of page

Nyheiter

Generasjonsmøte og stort mangfald på TREseminaret

Oppdatert: 13. jun.

Eit omtykt mangfald

TREseminaret på Dovre blir stadig meir populært. Ein viktig grunn kan vere at dette er ein møteplass på tvers av generasjonar. Litt som gammaldans og folkemusikk, der unge og godt vaksne lærer av kvarandre.

Under TREseminaret på Dovre møtest unge og godt vaksne, og dei lærer av kvarandre. Det er truleg ein viktig grunn til at seminaret har vorte så populært. Denne kvartetten, som alle var instruktørar, sytte både for trivsel og fagleg påfyll.  Frå v. Knut Skåla ( snart 90), Endre Opdal Kvarmestøl (23), Ingerid Vindenæs (23) og Jon Bojer Godal (87).

Tekst og bilde: Ove Kirkestuen

Arenaer som dette er ekstra viktige i ei tid med elektroniske duppedittar over alt. Kontakten mellom generasjonane er heller ikkje slik den var, seier nestor Jon Bojer Godal.


Under seminaret i slutten av april var Jon Bojer Godal nok ein gong instruktør og foredragshaldar, slik han har vore sidan den fyrste samlinga på Hjerleid i 2005. Godal meiner at TREseminaret betyr mykje for mange. Vi opplever eit sug etter praktisk lærdom. Ekstra gledeleg at ungar i grunnskulen også deltek, seier han.


Bøkkar og tradisjonsmålar

Eit anna godt teikn er at tidlegare elevar ved Hjerleid Handverksskole er instruktørar. Denne gongen var det Endre Opdal Kvarmestøl og Ingerid Vindenæs sin tur.  Endre, som har sveinebrev i bøkkarfaget, lærte bort korleis ein lagar tønner. I dag er det relativt liten produksjon av tønner i Norge, men Endre fortel at bedrifta der han arbeider, har fleire bestillingar enn dei klarer å levere.

 

Dei 3500 tønnene som Tønnegarden lagar kvart år, blir som regel brukt til sukkersalting av torskerogn. Ein prosess som tek to år før ein kan nyte den eksklusive kaviaren. Men det er viktig å bruke antiseptisk furu for å hindre bakterieangrep, fortel Endre.

 

Tidlegare Hjerleid-elev, Endre Opdal Kvarmestøl (23), har sveinebrev i bøkkarfaget. Vegen fram til ferdig tønne krev at ein kan sitt fag. Mellom anna varma dei opp trevirket slik at det vart lettare å bøye. Nå treet var mjukt nok, var det tid for for å stramme til dei utvendige banda .

Vegen fram til ferdig tønne krev at ein kan sitt fag. Mellom anna varma dei opp trevirket slik at det vart lettare å bøye.


Ingerid Vindenæs som underviste i tradisjonsmåling under TREseminaret, går i lære i Oslo. Ho fortel om ein fargerik og spennande kvardag. Mellom anna blir ho inspirert av historiske bygningar, som til dømes Stortinget.  

 

Den viktigaste grunnen til at eg elskar tradisjonsmåling, er mangelen på fasit. Farge og dekor blir ofte til ved hjelp av finurlege løysingar, fortel Ingerid.

 

Tidlegare Hjerleid-elev, Ingerid Vindenæs t.h., utdannar seg innan tradisjonsmåling. Under TREseminaret lærte ho bort sjablongmåling. Her er det Yngvild Nordigard som får gode råd.


Sopelime og lagging

Medan ein trygt kan kalle Ingerid (23) og Endre (23) den yngre garde, representerer Jon Bojer Godal (87) og Knut Skåla (snart 90) dei godt vaksne. Medan Godal «går att» på Hjerleid, hadde Knut sin debut under årets seminar. Godal heldt kurs i sopelime og foredrag om «Skog og materiallære». Knut Skåla som er ein kjent og akta tradisjonshandverkar frå Hardanger, heldt kurs i lagging.

Ein laggar lagar bøtter, baljar, stampar og kar av breie trestavar. Dette er ein eldgammal teknikk, og stavbygde kar kom truleg til Norge om lag år 300 e.Kr. Laggeteknikken var svært mykje brukt i det gamle bondesamfunnet, særleg til å lage tette behaldarar som mjølkebøtter, mjølkeringar, ostekoppar og smørbuttar.

Knut Skåla (snart 90) hadde kurs i lagging. Her er det Elin Hetlevik frå Osterøy som lærer  teknikken som truleg kom til Norge på 300-talet. På benken står det ein prototype slik at deltakarane hadde noko å strekkje seg etter.


Kunsten å lære

Ein programpost som vekte stor interesse under TREseminaret, var «Kunsten å lære». Eit internasjonalt prosjekt som forskar på kva som skjer i hjernen til elevar som har kunst og kultur som læringsform.

Prosjektet består mellom anna av eit undervisningsopplegg der lærarar og kunstnarar i to år gjev elevane både kunst og tradisjonelle skulefag. 

Mange sette pris på kurset «Kunsten å lære» som vart presentert av prosjektleiar Marie Othilie Hundevadt. Foto: Privat.


Prosjektleiar Marie Othilie Hundevadt meiner det har skjedd ei endring i utdanningssektoren dei siste tjue åra. Medan fokuset på norsk, engelsk, naturfag og matematikk har auka, er kunst- og handverk prioritert ned. Hundevadt som også har skrive ei masteroppgåve om same temaet, er styrka i trua på at ein meir praktisk og variert skulekvardag er vegen å gå.

Ellen Krageberg, ny direktør i Norges Husflidslag, deltok på kurset. For henne var det ekstra interessant at kunst og kreative prosessar kan styrkje elevane sine evner. Ja, til og med minnet, impulskontrollen og konsentrasjonen kan gå ljosare tider i møte.


Dette viser kor viktig det er å inkludere kunst og handverk. For situasjonen i dag uroar meg. Enda fleire elevar kan miste motivasjonen og droppe ut av vidaregåande. Det er også viktig å vere merksam på at problemet ofte oppstår i grunnskulen. Difor må ein styrke kunst- og  handverksfaga tidleg, seier Krageberg.


Den nye direktøren i Norges Husflidslag, Ellen Krageberg, besøkte også TREseminaret.

Dette fremjar, vernar og tek vare på tradisjonane våre. Ikkje minst er det fantastisk at unge og eldre side om side dyrkar felles interesser og lidenskapar, seier Ellen Krageberg. Foto: Privat


Imponert

TREseminaret er eit samarbeid mellom Hjerleidmiljøet, Norges Husflidslag og Studieforbundet kultur og tradisjon. Forutan Kunsten å lære, bøkring, lagging, sopelimar og tradisjonsmåling, var det kurs i fletting av sponkorger, skog, lafting, materiallære, restaurering av vindauge og Barnas TREseminar. Ikkje minst fekk to skuleklassar prøve seg på ulike handverksteknikkar.

Direktør i Norges Husflidslag, Ellen Krageberg, var på sitt fyrste besøk på Hjerleid. Ho let seg imponere over det brennande engasjementet til instruktørar og deltakarar.


TREseminaret fremjar, vernar og tek vare på tradisjonane våre. Ikkje minst er det fantastisk at unge og eldre dyrkar felles interesser og lidenskapar side om side. I eit slikt mangfald lærer ein av kvarandre, noko som i sin tur gjer kulturarven sterkare, seier Krageberg.


Jon Bojer Godal leia kurset i sopelime.

180 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


bottom of page