top of page

Nyheiter

Frå måndag 11. mai opnar enda "ei sluse" av Norge opp.

Oppdatert: 10. feb. 2022


Litt etter litt opnar vi opp, men fylgjer godt med på gjeldande smittevernreglar. For kurs gjennom Studieforbunda, er nettbaserte samlingar framleis å tilrå der det er mogleg, men det er frå veke 20 opna opp for å arrangere kurs der fysiske frammøte er ein føresetnad for å gjennomføre kurset.

Vi i Studieforbundet tykkjer det er flott at det det nå gradvis opnar opp att for laga til å starte opp med kurs att. Dette betyr imidlertid at alle kurs må tilretteleggast slik at ingen grupper er fleire enn 20, og at desse held ein avstand på minst ein meter.

Kursa i laga våre er lagt opp så ulikt, og det er vanskeleg å gje råd som passar for alle. Følg med på sidene til din medlemsorganisasjon og smittevernreglane lokalt der kurset skal gjennomførast. Nokre råd går imidlertid att og er universelle. Her er ei samla liste, sett opp på bakgrunn av tilråingar frå Helsedirektoratet.

  • Ha kurs i små, faste grupper på maks 20 personar.

  • Hald minst ein meters avstand mellom kvar person.

  • Del ikkje på utstyr.

  • Bruk ikkje felles garderobar.

  • Hald gode hygienerutinar. Til dømes god tilgang på Antibac og rutinar for hyppig og grundig handvask.

  • Rutinar for vask av klede/utstyr før og etter aktiviteten.

  • Hugs tilråingar ved hosting og nysing, og unngå å ta deg i ansiktet.

  • Ved kurs for barn og unge, skal det vere ein vaksen til stades som kan sørge for at aktiviteten skjer i samsvar med tilråingar frå offentlege helsemyndigheiter.

  • Personar som er i isolasjon, karantene eller har symptom på luftvegsinfeksjon, bør ikkje vera i kontakt med andre.

  • Deltakarar bør oppmodast til å nytte alternativ til kollektivtransport i samband med reise til og frå aktiviteten.

MERK! Laget som arrangerer kurs skal halde seg oppdatert på relevante tilråingar frå offentlege helsemyndigheiter og tilrettelegge opplæring og aktivitet i samsvar med dette. Det skal ikkje gjennomførast fysiske kurs med mindre ein er heilt trygg på at aktiviteten ikkje bidreg til auka smitterisiko og at den kan utøvast i samsvar med helsemyndigheitenes tilråingar. Personar som er smitta av korona, sit i karantene eller som har symptom på luftvegsinfeksjon, som feber, sår hals, rennande nase, hoste eller nedsett allmenntilstand, skal ikkje delta på kurset eller vere delaktig i fysisk tilrettelegging av kurset.

Norges musikkråd har laga ein rettleiar for trygge aktivitetar godkjent helsemyndigheitene. Denne finn de her




2 visninger

Siste innlegg

Se alle
bottom of page