top of page

Nyheiter

Frå motedrakt til bunad

Oppdatert: 10. feb. 2022

Meisterleg gjennomført debatt og seminar med påfølgjande bunadsframvising i nye Galleri Ullinsvin under Håndverk+ i helga. Mette Vårdal førte oss gjennom historisk utvikling og avgjerande vegskilje. Moderator Dag Lindvig provoserte i både ord og klesdrakt, panelet var både rause og bastante på ein gong, og nesten 40 velvillige vagværar og tilreisande stilte i det finaste av det fine dei har i skap og skuffe.


Bunad er oss

– Du er ikkje i tvil når du opnar klesskapet ditt og blar gjennom avdelinga "gå-burt-klede". Det er aldri vanskeleg å finne bunaden mellom dei andre kjolane. Aldri er du i tvil om det er dressen eller bunaden. Alle veit vi det, sjølv om det kan vera vanskeleg å sette fingeren på kvifor. Ein bunad er så mykje meir enn eit statusantrekk, og det er slett ikkje typisk norsk. Dette var utgangspunktet innleiar Mette Vårdal gjorde seg til bunadsseminaret frå motedrakt til bunad på Håndverk+ i helga. Mette sette bunad og bunadsbruk i ein historisk setting og skisserte tydelege vegskilje og vendepunkt.


Utviklinga av både utsjånaden og bruken av bunadane er tett knytt opp mot samfunnsutviklinga elles. Til dømes opplevde Norge ei økonomisk oppblomstring på vestlandet på 1600 talet, og ein tilsvarande økonomisk oppsving på østlandet og Gudbrandsdalen på 1800-talet. Dette hadde innverknad på tilgang til ulike materialar frå inn- og utland, sølv og anna tilbehør, og fleire fekk moglegheit til å få sydd og laga seg desse stasplagga. Ei slik utvikling kan vi kanskje også relatere oss til i dag, der bunadane blir stadig fleire, og tilbehøret aukar og utviklar seg. Ein bunadsbruk som har stått sterkt i større eller litt mindre grad i fleire hundre år, har og mykje av æra for at handverksteknikkane har halde seg levande i aller høgste grad. Før andre verdskrigen var bunadstradisjonane noko brokete. Kriser kan vera samlande, og krigshendingane bidrog til å ta bunaden tilbake. Bunaden vart samlande på ein annan måte og vart allemannseige.





Sånn eller slik?

Panelet for debatt besto av historikar Mette Vårdal, leiar i Norges Husflidslag, Barbro Tronhuus Storlien, bunadsmeister Mona Løkting og Erik Lillebråten. Dei førde an ein ivrig diskusjon om normer, regler og tradisjonar rundt det kjente plagget. Spørsmålet om hovudplagg og dyrking av det opprinnelege dukkar ofte opp. Men ynskjer vi oss verkeleg attende skammeskauta som einslege mødrer i Hardanger måtte ha på seg? Og korleis er det med alt dette tilbehøret? Er det ok å bruke slips med bunadsbroderi på? Kan ein sminke seg og bruke solbriller til bunaden? Til siste slutt kan ein ikkje gjere noko med korleis folk vel å bruke bunaden sin. Barbro Tronhuus Storlien meiner bestemt at bunadsgleda er det viktigaste. Ein må ikkje tenkje på alt som kan gå galt. Mette sleng seg med på at det skal vera lett å ha på seg bunad. Og det er ikkje berre det nye og finaste som skal vere akseptabelt. For å dempe presset på foreldre og konfirmantar, kan ein tenkje at det er heilt i orden å låne saman litt, skaffe seg litt etter litt og nytte seg av alle dei bunadane som heng i ulike skap bygda rundt og ikkje er i bruk. - Finaste bunaden er den det er ei historie rundt. Det er og hovudargumentet panelet hadde for at bunaden bør syast i Norge. Det er veldig viktig med gode kurs. Å sy heile eller deler av bunaden sjølv gjer mykje med bunadsgleda. Det er masse kulturarv på mange måtar. Ein kjenner historia bak og bevarer handverket og teknikkane innomlands, argumenterte Barbro. -På setra, når jentene hadde gode stunder, så broderte dei. Det er ille at vi er så fattige at vi ikkje ser oss råd til å gjere dette på skikkeleg vis, tordna Mette Vårdal. - Og det er berre ein generasjon attende. Dette kan vi lære, men vi gidd ikkje. Vi skal kjøpe oss fri frå det. Det er ikkje vanskeleg å lage sin eigen bunad. Min seksåring var med å sydde sin eigen bunad. Når det gjeld bunadstilbehør, er Barbro liberal. - Ein kan godt gå for ein bunad light. Det er berre fint å bruke bunadsinspirerte element når ein pyntar seg i andre klede. Men har ein fyrst på seg bunad, kan ein like gjerne, heller enn å smykke seg med masse tilbehør som ikkje vanlegvis høyrer til, tenkje litt på kva som originalt var med. Ta attende hovudplagget, til dømes. For å halde på bunadsgleda, er det viktig å skilje mellom gode kunnskapsformidlarar og dei som gir folk bunadsangst. Vi må sørge for at den snille informasjonsflyten er tilgjengeleg. Ikkje pekefingeren.





Er det greitt å bruke bunaden politisk?

Moderator Dag Lindvig stilte i joggesko og bunadsslips til sin bunad på seminaret, og provoserte både i ord og klesdrakt. Han stilte også spørsmålet "Er det greitt å bruke bunaden som eit politisk verkemiddel?" Bunaden har gjennom tida vore brukt politisk av alle retningar. Samekoftene var på under Altaaksjonen, monstermastene i Hardanger hadde bunadskledde lenka til seg, og aller nyast: aksjonistane som demonstrerer for å behalde fødestovene. – Bunadane er eit samlande symbol som etter mi meining er heilt ufarleg, sa Mette Vårdal. – Du har med deg folket, og det representerer noko meir enn deg sjølv. Den er felles for oss alle og det er fritt fram for å bruke den, sa Mette Vårdal. Seminaret fylte salen og fordra ekstra stolbæring. Dette signaliserer eit veksande engasjement og interesse omkring bunad. Studieforbundet håpar at informasjon og samtale om bunadane, samt framvising av dei store variasjonane, vil gjere folk meir nysgjerrige og engasjerte.

30 visninger

Siste innlegg

Se alle
bottom of page