top of page

Nyheiter

Årsmøte og nytt styre

31. mai heldt vi årsmøte i Oslo, med årsmøtesaker, besøk at stortingsrepresentant Torstein Tvedt Solberg (Ap), mykje latter, leik og sang, og litt vemodig avtakking av mangeårig styreleiar Marit Jacobsen.



Endringar i styret


Nytt styre gjeldande frå 31.5.2023:

Leiar, Magni Hjertenes Flyum, Noregs Ungdomslag, vald for 2 år til 2025

Nestleiar, Solveig Torgersen Grinder, Norges Husflidslag, vald for 1 år til 2024

Styremedlem, Joachim Svendsrød, Frilynt Norge, ikkje på valg

Styremedlem, Hege Winje, Human-Etisk Forbund, ikkje på valg

Styremedlem, Hanna Sønsteby, Folkeakademienes Landsforbund, vald for 2 år til 2025

Styremedlem, Marit Mørtsell, Forbundet KYSTEN, vald for 2 år til 2025

Styremedlem, Jorun Henriksen, Norges Bygdekvinnelag, vald for 2 år til 2025

1. varamedlem, Einar Raastad, Forbundet for Norske Museumsvenner, vald for 1 år til 2024

2. varamedlem, Reidun Lien Horgen, Norges Husflidslag, vald for 1 år til 2024


Frå venstre: Reidun Lien Horgen, Jorun Henriksen, Joachim Svendsrød, Solveig Torgersen Grinder, Hanna Sønsteby, Magni Hjertenes Flyum, Hege Winje, Marit Mørtsell, Einar Raastad.


Marit Jacobsen går av som styreleiar


Marit Jacobsen, direktør i Norges Husflidslag, gjekk av som styreleiar i Studieforbundet på årsmøtet vårt. Marit har vore styreleiar i mange år, over fleire periodar og over fleire omgangar, både som generalsekretær i Noregs Ungdomslag og som direktør i Norges Husflidslag. Marit har i tankane å pensjonere seg utpå hausten i år.


– Det blir veldig rart når Marit sluttar, men det er nå eingong slik at nokon kjem og nokon går. Vi takker Marit for hennar store innsats for Studieforbundet, for å vera ei ryddig og diplomatiske stemme inn i Vofo, og for hennar strategiske og kloke, stadig pågåande politiske arbeid opp mot departement og Storting, seier dagelg leiar i Studieforbundet, Kjærsti Gangsø.


Vi ønskjer Marit eit godt pensjonisttilvere med mykje korpsmusikk, breitt engasjement i frivillige organisasjonar, og kanskje tid til å gå på kurs? Vi ønskjer Magni Hjertenes Flyum, generalsekretær i Noregs Ungdomslag, hjarteleg velkommen inn som styreleiar.

Stødige og blide kuskar ved taumane for Studieforbundet kultur og tradisjon, dagleg leiar Kjærsti Gangsø og avtroppande styreleiar Marit Jacobsen.


Politisk møte og kulturfrivillighetsstrategien


Aller fyrst i årsmøtet fekk vi besøk og helsing av stortingsrepresentant Torstein Tvedt Solberg frå Arbeiderpatiet. Han skrytte av det frivillige kulturfeltet, korleis fleire av oss har greidd å manøvrere gjennom pandemi og nå er oppe og står, til og med sterkare enn før. Han skrytte og av oss for korleis vi, saman med Vofo, var på og stilte krav og dreiv vaksenopplæring opp mot politikarar, slik at dei hadde moglegheit til å forstå og gjera goder valg. Den nye Kulturfrivillighetstrategien var naturleg nok tema og også noko årsmøtet hadde fleire spørsmål til Tvedt Solberg omkring. Vi er spente på kva denne vil føre med seg av faktiske endringar, satsingar og utvikling av samarbeidsstrukturar. Vi håpar at den blir det løftet og satsinga som regjeringa argumenterer for, og at dei meiner alvor.



Årsmøte med noko attåt


Årsmøtet til Studieforbundet kultur og tradisjon baud i år som fleire år før, på meir enn årsmøtesaker. Vi har sunge, leikt oss med teater med Frilynt Norge, diskutert etiske dilemma med Human-Etisk Forbund, dansa med Noregs Ungdomslag og knytt knutar med Forbundet KYSTEN. Så artig hadde vi det, at vi gløymde ta bilde. Men bilde av ein knut, vart det i alle fall, under kyndig rettleiing av Marit Mørtsell i Forbundet KYSTEN og Gratangen Kystlag.




345 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


bottom of page