Handlingsboren kunnskap 

Barn skal ikkje bygge ei fuglekasse fordi dei skal lære Pytagoras. 
Barn skal lære Pytagoras fordi dei skal bygge ei fuglekasse. 


Ta på. Føle på. Kjenne på. Lukte på. Imitere ei form, eit mønster, eller ei farge.

Dette er det vi kallar handlingsboren kunnskap.  

Handlingsboren-kunnskap

Jon Bojer Godal  (Foto: Helle Hundevadt, Hjerleid)

Som ung tømmerkøyrar stod eg ein gong og observerte ein eldre mann som lasta tømmerstokkar på sleden for å køyre dei til sagbruket. Den eldre hadde ein eigen måte å bevege seg på. Han dansa nesten med tømmeret, letta litt på det, rulla det, og plutseleg var alt på plass, klart til å fraktast med sleden. Ein dag hadde tømmerkøyraren med seg sonen sin på fem år. Han gjekk bak og gjorde akkurat likeins som faren, letta på, dansa og herma etter far sin. Da gjekk det opp for meg at dette var kunnskapsoverføring - det å gå framom og vise, og det å gå bakom og herme. Vi skjønar det ikkje alltid sjølve, men kunnskap finst i rørslene i kroppen. Den einsidige verbale måten å ta til seg kunnskap på er for flat, for kunnskapen bur også i handlingsmønstera. Tanke og kropp, hovud og hender heng saman. Vi lærer når vi gjer.  (Jon Bojer Godal, formidlar av tradisjonsboren handverkskunnskap, forskar og forfattar.) 

Jon Bojer Godal_foto-Helle Hundevadt, Hjerleid.jpg

Jon Bojer Godal  
(Foto: Helle Hundevadt, Hjerleid)

Tanke og kropp, hovud og hender 

Kunnskap er å finne i korleis kroppen beveger seg, i mønsteret. Vi lærer av å gjera. Tanke og kropp, hovud og hender, alt heng uløyseleg saman. Dette er ikkje alltid lett å forstå. Vi er for fastkøyrde i berre verbal overføringa av kunnskap. Slik kunnskapsoverføring vil alltid bli eindimensjonal og bli verande flat.  
Handlingsboren kunnskap er sentralt i arbeidet vi gjer i Studieforbundet kultur og tradisjon, og i alle medlemsorganisasjonane våre. Handlingsboren kunnskap er omgrepet vi brukar for å skildre korleis kunnskapen er forankra i handling og praksis. Det skildrar og korleis handverk blir vidareført, og er eit internasjonalt språk vi kan utøve saman, eit språk som bygger bruer mellom ulike kulturar.   
Mennesket er eit reiskapsbrukande vesen. Vi brukar uttrykket «å gripe ein ide». Dette uttrykket kjem ikkje frå tanken, snarare frå grepet - frå handa som grip reiskapen. Hjerneforsking viser at det taktile systemet vårt, og rørslene, er grunnlaget for å utvikle også tankekrafta. Brukar vi hendene for lite, tenkjer vi mindre klårt. Teori og praksis er ikkje motsettingar, snarare føresetnad for utvikling. På dette området er det norske samfunnet i ferd med å vakne - heldigvis.  
Ei verdidreiing i det politiske Norge dei siste ti åra,  har resultert i landsomfattande styrking av kunnskap og kompetanse og høgare verdsetting av praktisk kunnskap og behovet for dette i samfunnet. Desse verdiane blir nå i større grad innarbeidd i fagplanar meir konkret og klårare enn tidlegare.