Styrearbeid

Det varierer sjølvsagt kor mykje arbeid eit styre i eit lokallag kan eller vil gjere. Lag med få medlemmar kan ikkje forventast å ha samme aktivitet som eit stort lag. Med få personar i laget, blir det nødvendigvis færre til å dele på verv og oppgåver og dermed lettare å "slite ut" eldsjeler. Styreoppgåvene vi har lista opp nedanfor må dermed sjåast på som rettleiande. Det er ikkje slik at eit lokallag må oppfylle alle desse arbeidsoppgåvene for å vere eit godt lag.

Styret i eit lokallag i ein frivillig organisasjon skal jobbe for:

•Å motivere til aktivitet
•Å skape glede rundt aktiviteten
•Å løyse oppgåver enkelt og ubyråkratisk
•Å skape eit godt team som har lyst til å bidra
•Å opptre opent og inkluderande

Demokrati i laget

•Å følge vedtekter og retningsliner
•Å følge hovedorganisasjonens prioriteringer
•Å ha medlemmane med seg i det som skal gjerast
•Å sørge for forankring i årsmøtet

Kven gjer kva i styret?

Leiar
Overordna ansvar
Naturleg representant for laget
Førebur og leier styremøter
Sørge for at vedtak blir fylgd opp
Fordele arbeidsoppgåver
Sikre informasjonsflyt

Nestleiar
Er leiarens vara, overtek når det er naturleg
Må halde seg godt orientert om sakene
Har ofte ansvar for spesielle prosjekt
Kan ha medansvar for kursa,
dersom laget ikkje har eige kurskomite

Sekretær
Skriv referat frå møter
Sørger for arkiv og brevskriving
Har ofte ansvar for postmottak
Søker om tilskot
Skriv pressemeldingar
Oppdaterer nettside om ikkje laget har eigen nettansvarleg

Studieleiar
Har hovudansvar for kurs
Søker kursstøtte
Fleire tips og hjelpemidlar finn du under Studieleiar
Kursverksemda er heile styret sitt ansvar

Kasserar
Betaler rekningar
Fører rekneskap
følger opp medlemsregisteret
Følger opp frivillighetsregisteret
"Grasrotandel"
Søker om støtte
Rapporterer økonomi
Held kontakt med revisor

Materialforvaltar
Ansvar for lagets eigedelar
Oversikt
Vedlikehald
Innkjøp