Lover og avtaler
Voksenopplæringsloven
Frå 2010 er det ny lov om vaksenopplæring. Denne lova set grensene for studieforbunda sitt arbeid, og den regulerer kva for kursarrangørar som får økonomisk støtte, og til kva. Kor mykje støtte som blir gjeve, bestemmer styret i Studieforbundet kultur og tradisjon ut frå kor stort beløp som blir gjeve til vaksenopplæring på statsbudsjettet. Les lova og forskriftene her.
Leige av offentlege lokale
Kursarrangørar som får tilskot frå vaksenopplæringsmidlar, har og krav på å bruke offentlege undervisningslokale gratis. Les meir om kva Lov om voksenopplæring seier:
Avtale om kopiering
Det kan ofte vere aktuelt å kopiere fra bøker og trykksaker i eit lokallag. Særleg er dette aktuelt i samband med kurs der ein treng å kopiere enkeltsider for å dele ut til kursdeltakarar. Gjennom medlemskap i VOFO har Studieforbundet kultur og tradisjon avtale med Kopinor om slik kopiering.