Løn, skatt og arbeidsgjevaravgift

Om læraren skal ha løn, og i tilfelle kor mykje, er ei avgjerd som skal takast i samarbeid mellom kursarrangør og kurslærar.

Skatt

Når kurlærar er lønsmottakar

Når kurslærar får løn frå laget, må det betalast skatt etter følgjande reglar:

Under 10.000 - Når samla utbetaling av løn frå ein organisasjon ikkje overstig 10.000 kroner til ein person i løpet av eit år skal det ikkje betalast skatt. Dekking av køyreutgifter med meir, blir rekna utanom dei 10.000.

Over 10.000 - Når løna overstig denne summen, skal kurslærar betale skatt. Frivillige organisasjonar som kjem inn under reglane for fritak for plikta til å svare arbeidsgjevaravgift (sjå nedanfor), kan nytte seg av ein forenkla oppgjørsblankett ved lønsutbetalingar. Oppgåva kan leverast via Altinn.
Forenkla a-melding sendes via Altinn:

Køyregodtgjering - Når utgiftsgodtgjersle (blant anna kjøyregodtgjering) ikkje overstig 10.000 kroner er det friteke frå skatt og friteke for rapportering. Om samla godtgjersle overstig 10.000 skal det oppgis og beskattes dersom det gir overskot. Sjå avsnittet: Begrensninger i lønnsopplysningsplikten på Skatteetaten si side:

Når kurslærar er næringsdrivande

Kurslærar som er sjølvstendig næringsdrivande og har firma registrert i Brønnøysundregistera, kan få løn i form av næringsinntekt. Kurslærar har da sjølv ansvar for å betale skatt og må levere nummerert faktura med organisasjonsnummer og dato. Om mva på undervisning sjå nedanfor.
Når bør kurslærar bli næringsdrivende?
Kurslærararar som har kursverksemd som ein vesentleg del av inntakta si bør opprette eige selskap og bli næringsdrivande. Hos Skatteetaten finn ein kapitlet [Hobby eller næring] med opplysningar om korleis ein bør forhalde seg om ein vil starte eiga bedrift.(http://www.skatteetaten.no/no/Bedrift-og-organisasjon/ny-som-naringsdrivende/Hobby-eller-naring/)
- Momenter som trekker i retning av selvstendig næringsvirksomhet, vil være at oppdragstakeren:

har regelmessig flere oppdragsgivere, samtidig eller etter hverandre
har eget kontor eller produksjonslokale
holder egne materialer
har egne driftsmidler, som for eksempel maskiner og egne transportmidler
mottar avregning i fast beløp og ikke per tidsenhet
kan stille med andre enn seg selv, for eksempel bruke egne ansatte
skal utføre et bestemt oppdrag som ikke bare er avgrenset i tid
har ikke krav på flere oppdrag fra oppdragsgiver
har ikke krav på vederlag når oppdrag ikke utføres.

Arbeidsgjevaravgift

Når dei totale lønnsutgiftene for laget er under 700.000 kroner per år, og lønsutbetaling til den enkelte kurslæraren er under 70.000 kroner per år, skal det ikkje betalast arbeidsgjevaravgift.

Meir om skatt og arbeidsgjevaravgift for friviljuge organisasjonar kan de finne på skatteetaten sine nettsider.

Meirverdiavgift(mva)

Undervisning er unnateke frå meirverdiavgiftsplikt. Kurslærarar som er sjølvstendig næringsdrivande skal ikkje legge på meirverdiavgift på rekninga dei sender til kursarrangør. I meirverdilovens § 3-5 står det om undervisningstenester.

Du finn også meir informasjon om undervisningstenester i Merverdiavgiftshåndboka.