Grasrotandel og Frivillighetsregisteret

Frivillghetsregisteret

Gjennom registrering i Frivillighetsregisteret kan lokale lag få tilgang til såkalla "grasrotandel" frå Norsk Tipping.
Ved innmelding i Frivillighetsregisteret, blir laget også meldt inn i Enhetsregisteret og får organisasjonsnummer. Det er krav om organisasjonsnummer for at laget kan ha eigen bankkonto. Les meir på Brønnysundregisteret si nettside. Her får du god informasjon om korleis registrere laget. Ta gjerne kontakt med Studieforbundet dersom du treng hjelp.

Frivillighetsregisteret vart oppretta for å lette samarbeidet mellom frivillige organisasjonar og myndigheitene. Du finn også informasjon om Frivillighetsregisteret på Frivillighet Norge sine nettsider.

Grasrotandel

Alle som spelar på spel i Norsk Tipping kan gje fem prosent av beløpet dei spelar for til eit lag som deltar i Grasrotandelen.
Les meir om Grasrotandelen.