Utviklingsarbeid

Studieforbundet kultur og tradisjon ser det som si oppgåve å vere med på å utvikle opplæringstilbud innan dei fag og emne medlemsorganisasjonane til studieforbundet arbeider med. Opplæringa som foregår i dei frivillige organisasjonene er heilt avgjerande for å sikre vidareformidling av folkekultur. Mange av faga medlemsorganisasjonane i Studieforbundet kultur arbeider med, er blant dei små og verneverdige faga det trengs ein ekstra innsats for å halde i live. Forutan Bunadopplæringa, Vevopplæringa, Trebåtbyggjar og Scenerom (teaterregi), tida deltek Studieforbundet i ymse prosjektorganisert utviklingsarbeid.

DRAMAS

Manustenesta har ei lang historie, frå den tida manus vart lånt ut i papirform frå fleire filialar landet rundt. Under Norsk Teaterråd vart arbeidet med å samle og digitalisere manustenesta påbegynt.

Frå 2015 til 2019 vart Dramas drifta av Teateralliansen. I oktober 2019 vedtok eit ekstraordinært årsmøte å endre namn frå Teateralliansen til Dramas og endre vedtekter slik at verksemda kun omfattar manustenesta Dramas. Styret er sidan 2020 samansett med tanke på å auke den teaterfaglege kompetansen i Dramas.

Medlemsorganisasjonane i Dramas er Frilynt Norge, Noregs Ungdomslag, Norsk amatørteaterforbund og Studieforbundet kultur og tradisjon.

Til nettsidene

Prosjektarbeid

Studieforbundet har frå tid til annan ei varierande mengde prosjektmidlar vi har søkt og fått tilsagn på, til dømes gjennom IMDI (Inkluderings- og mangfoldsdirektoratet), Kompetanse Norge, fylkeskommunale midlar osv. Desse midlane gjer at vi kan gje særskilte tilskot og heilt eller delvis fullfinansiere kurs etter ei individuell vurdering.

Fengselskurs

Studieforbundet kultur og tradisjon samarbeider med fengselsvesenet og personar i kriminalomsorga for å leggje til rette for kursverksemd i fengsel. Studieforbundet har sidan 2001 prøvd ut, og gjennomført ulike opplæringstilbod i høve til personar som er tilsynsdømte eller innsette i fengsel. 

IMDI

Studieforbundet jobbar kontinuerleg med motivering av lag og grupper for å få med nye deltakarar og til å gjere jobben det er å ha med deltakarar som treng ekstra tilrettelegging. Studieforbundet strekkjer seg etter ei rekkje overordna mål. Minst to av desse måla omhandlar inkludering, integrering og å motverke utanforskap. Det frivillige feltet har mykje å bidra med i arbeidet med å inkludere, integrere og motarbeide utanforskap. Vi kan bidra til å styrke kulturelt mangfald og auke deltaking i kulturlivet. Vi kan gjere det mogleg for menneske å påverke eigen livssituasjon, motarbeide utstøyting og bidra til inkludering. Prosjektmidlar gjennom IMDI kan i stor grad bidra til eit godt arbeid for å strekke oss mot desse måla.
I 2019 fekk vi tilsagn på 300 000 kr, og i 2020 jublar vi for tilsagn på 250 000 kr. Har laget ditt starta opp kurs, eller har tenkt å starte opp kurs i 2020, som inkluderer deltakarar med svake norskkunnskapar, eller er tilrettelagt for ei gruppe med svake norskkunnskapar, der av måla med kurset er inkludering og språkopplæring, ta kontakt med Studieforbundet.

Tilsagn 2020
Søknad 2020
Sluttrapport 2019
Tilsagn 2019
Søknad 2019