Tilhøve som påverkar kurs under Koronapandemien

Norge har opna opp att og mangt og mykje er nå som før. Er du i tvil om gjeldande råd og retningsliner, sjekk allmenne smittevernråd på Folkehelseinstituttet sine sider

Heil-digitalt

Den midlertidige endringa som gjer det mogleg å få støtte til heildigitale kurs er forlenga til 1.6.2021. Det betyr at alle kurstimane kan gjennomførast på ei digital plattform (ordinært halvparten av timane). Deltakarar og kurslærarar må vera tilstades på det digitale kurset samtidig, altså som eit fysisk kurs, berre at ein møtes via ein skjerm. Tips til gjennomføring av nettkurs

Kompensasjon og motivasjon

Studieforbundet har utlyst ei støtteordning for å arrangere motivasjonsarrangement for å få opp att kursaktiviteten. Fristen for å søke er 15.10.2021 Informasjon om motivasjonsordning

Det er også arbeid i gang for nye støtteordningar for det frivillige. Følg med på sidene til Frivillighet Norge
Sjekk og om laget ditt kan søkje om støtte gjennom krisepakke for frivilligheten