top of page

Nyheiter

Vevopplæringa

Ledige plassar på tilleggsmodul, digitalt tilbod med fordjuping i temaa vevteori og bindingslære!


 

Meld deg på og bli med på Teams torsdag 6. februar 2025! 6 samlingar á 3 timar med heimeoppgåver og moglegheit for individuell rettleiing.

 

Bindande påmelding går til Studieforbundet kultur og tradisjon linda@kulturogtradisjon.no 

Kurslærar er handvevar Hilde Opedal Nordby, kursavgift er 2000,-

Kursa går torsdagar kl 18.00-21.00 få fylgjande datoar:


6. februar, 13. februar, 20. februar, 27. februar, 6. mars, 13. mars

 

Dette er en tilleggsmodul til den modulbaserte kursrekka i Vevopplæringa

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål.

 

Vevopplæringa er et samarbeid mellom Norges Husflidslag og Studieforbundet kultur og tradisjon

Om kurset

Hensikta med kurset er å fordjupe seg i vevteori med fokus på bindingslære knytt til modulane i Vevopplæringa.

Kurset gjev kunnskap om konstruksjon av bindingar og korleis bindinga i ein voven tekstil kan analyserast. Samanhengen mellom binding, materiale og tettheit er eit overgripande tema. Målet med kurset er at deltakarane skal få ei brei innføring i ulike bindingar og vevteknikkar og oppbygginga av desse. Kurset gir erfaring i å skape eigne bindingar til bruk i eigne vevprosjekt.

Kurset krev tilgang til datamaskin og generell datakunnskap. Kurslæraren arbeider sjølv med WeavePoint, og deltakarane vil få eit innblikk i programmet med moglegheit til å laste ned ein tidsavgrensa demoversjon, men det er ikkje krav om å ha eller kjøpe WeavePoint. Kursdeltakarane kan velje mellom å gjere praktiske moment som analyse og konstruksjon av bindingar på rutepapir, ved hjelp av Excel eller liknande program, eller i WeavePoint.

Kurset består av seks digitale samlingar med heimeoppgåver og moglegheit for individuell rettleiing mellom øktene.


Kursplan og innhald

Lerret og lerretsvariantar

  • Bindingslære knytt til lerret og lerretsvariantar

  • Bindinga si oppgåve i ei vevoppskrift

  • Forskjellen på hestar, trinser og kontramarsj

  • Heimeoppgåve

Kypert og kypertvariantar

  • Bindingslære knytt til kypert og kypertvariantar, samansette bindingar og fargeeffekt

  • Konstruksjon av ulike kypertbindingar

  • Ulike måtar å skrive bindingar på

  • Heimeoppgåve

Sateng og dreiel

  • Bindingslære knytt til sateng og dreiel

  • Innføring i partimønster og bindingar med fleire skaft

  • Konstruksjon av satengbindingar

  • Datavev og digitalt verktøy i vevfaget

  • Bruke digitalt verktøy for å kvalitetssikre oppskrifter og bindingar

  • Heimeoppgåve

Tradisjonsvev

  • Bindingslære knytt til tradisjonsteknikkar, som kypertvariantar og bindingar med botn- og mønsterinnslag

  • Bindingsanalyse

  • Historisk blikk på tradisjonstekstilar med hovudvekt på norsk tradisjon

  • Eksperimentere med tradisjonelle teknikkar i nye uttrykk

  • Heimeoppgåve

Dobbeltvev

  • Bindingslære knytt til dobbeltvev i ulike variantar

  • Konstruksjon av dobbeltvev

  • Vurdere tidsbruk opp mot kvalitet og teknikk

  • Heimeoppgåve

Bindetrådsteknikkar

  • Bindingslære knytt til dobbeltsidige bindingar og bindetrådsteknikkar

  • Konstruksjon av dobbeltsidige bindingar/bindetrådsteknikkar

  • Stille ut og presentere tekstilar i samanheng med marknadsføring ved hjelp av dataverktøy

  • Oppsummering og avslutning


55 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Godt 2025!

Commentaires


bottom of page